Til saman 11 pilotprosjekt får støtte til verdiskaping på kulturminneområdet. Desse er plukka ut av Riksantikvaren blant over 60 søknader. Programmet skal gå over fire år, og får i overkant av ti millionar kroner i 2007, over budsjettet til Riksantikvaren. I tillegg er det øyremerka over ni millionar kroner over budsjettet til Norsk kulturminnefond.

- Målet med verdiskapingsprogrammet er mellom anna å bidra til at kulturminne i større grad blir brukte som ressursar i lokalsamfunnet og til å spreie kunnskap om korleis ein berekraftig bruk av kulturminna kan fremje næringsutvikling og styrkje lokalsamfunnet og regionen, seier miljøvernminister Helen Bjørnøy.

Dei 11 pilotprosjekta som inngår i verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet og får tildelt pengar for 2007 er:

  • Pilotprosjektet Bud-Kristiansund, som får 1,1 millionar kroner. Pengane skal brukast til å gjere reiselivsstrekninga til det fremste reisemålet i Sør-Noreg med utgangspunkt i eit levande kystsamfunn. Dei to innfallsportalane Bud og Kristiansund skal utviklast, slik at dei kan formidle kulturhistoria langs heile strekninga. Les meir om dette hos Riksantikvaren.
  • Pilotprosjektet Den verdifulle kystkulturen i Nordland, som får 2,1 millionar kroner. Pengane skal i første rekkje gå til å setje i stand kulturminne, til å utvikle reiselivet og til stadutvikling. I Lofoten skal kulturarven styrkje opplevingstilboda i regionen og gjere stadene attraktive både for bebuarar og tilreisande. Les meir om dette hos Riksantikvaren.
  • Pilotprosjektet Hammerdalen, som får 900 000 kroner. Pengane skal i første rekkje gå til å dokumentere, registrere og analysere kulturminne og lage ein heilskapleg plan for området. Prosjektet skal utvikle området til ein ”ny” bydel. Den 600 år lange industrihistoria, kulturmiljøa og industriminna i området skaper ramme for eit innovativt og kreativt miljø som igjen er grunnlaget for lønsame bedrifter. I den samanhengen er kompetanseutvikling viktig og utgjer ein sentral del i prosjektet.  Les meir om dette hos Riksantikvaren.
  • Pilotprosjektet Hamningberg, som får 700 000 kroner. Pengane skal i første rekkje gå til å utarbeide ein næringsplan og trekkje det regionale reiselivet og lokale organisasjonar meir med i arbeidet. Hamningberg skal bli det best bevarte levande kulturminneområdet i Varanger. Les meir om dette hos Riksantikvaren.
  • Pilotprosjektet Norsk Tradisjonsfisk, som får 900 000 kroner. Pengane skal brukast til å etablere eit nettverk av fleire fiskematbedrifter som bruker kulturarven i næringsutvikling og merkevarebygging. Konkrete tiltak er å renovere mottaks- og foredlingslokala, utvikle nye produkt og byggje visningssenter. Det skal leggje til rette for undervisning og opplevingsturisme. Les meir om dette hos Riksantikvaren.
  • Pilotprosjektet Nærøyfjorden verdsarvpark, som får 800 000 kroner. Pengane skal i første rekkje gå til informasjon og formidling og til å leggje til rette for natur- og kulturbasert næring, med kompetanseutvikling som stikkord. Les meir om dette hos Riksantikvaren.
  • Pilotprosjektet Odda transform, som får 800 000 kroner. Prosjektet har hovudfokus på kulturarven som ressurs for stad- og næringsutvikling i Odda. Smelteverkstomta skal revitaliserast. Pengane skal i første rekkje gå til å etablere Odda vitensenter, utvikle eit nasjonalt senter for restaurering av industrielle kulturminne og lage ein arena for ungdom og kreativitet og etablere ein scene for Riksteateret. Les meir om dette hos Riksantikvaren.
  • Pilotprosjektene i Oppland med geografisk nedslagsfelt Valdres og Nord-Gudbrandsdalen, som får en million kroner. Pengane skal gå til å styrkje kulturarven i det regionale utviklingsarbeidet innanfor ramma av Valdres natur- og kulturpark og Nasjonalparkriket i Nord-Gudbrandsdalen. Les meir om dette hos Riksantikvaren.
  • Pilotprosjektet Perler i Nordsjøløypa, som får 800 000 kroner. Pengane skal gå til satsingsområda i dei tre kommunane i prosjektet. I Fjell: mat- og handverkstradisjonar. I Sund: fartøy og kystkultur. I Øygarden: ulike måtar å utnytte ressursane på i fortid, notid og framtid. Les meir om dette hos Riksantikvaren.
  • Pilotprosjektet Pilegrimsleden, som får 900 000 kroner. Prosjektet arbeider med å aue det kommersielle tilbodet langs leden som betre skilting og tilgjenge, fleire overnattingsstader, informasjonssenter og organiserte vandringar. Eit viktig mål er å få fleire til å bruke Pilegrimsleden og gjere tilbodet kjent også utanfor landets grenser. Les meir om dette hos Riksantikvaren.
  • Pilotprosjektet Porto Franco – Kristiansands kulturelle frihavn, som får 500 000 kroner. Pengane skal i første rekkje gå til å utvikle eit nytt formidlings- og opplevingstilbod basert på kulturarven på Sørlandet. Kystkultur og maritim kulturhistorie er stikkord for prosjektet. Ein stor flåte godt bevarte kulturhistoriske fartøy skal bli blikkfang i ein sentral del av havna i Kristiansand. Les meir om dette hos Riksantikvaren.