Historisk arkiv

Krav om klimaplanleggjing i kommunane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Alle kommunar i landet må klimaplanleggje slik at klimagassutsleppa kan gå ned. Lokalpolitikarane kan til dømes planleggje arealbruken slik at folk ikkje treng å køyre bil så ofte. Dei kan leggje til rette for meir bruk av buss og bane og sørgje for betre avfallshandtering.

Alle kommunar i landet må klimaplanleggje slik at klimagassutsleppa kan gå ned. Lokalpolitikarane kan til dømes planleggje arealbruken slik at folk ikkje treng å køyre bil så ofte. Dei kan leggje til rette for meir bruk av buss og bane og sørgje for betre avfallshandtering.

Regjeringa har lagt fram ei statleg planretningsline som pålegg alle kommunar å inkludere klima og energi i sine kommuneplanar. Slik vil regjeringa klargjere sine forventingar til klimainnsatsen i kommunane.

–Lokalpolitikarane sin innsats er heilt naudsynt dersom vi skal omskape Noreg til eit grønare samfunn. Mange kommunar er komne langt i klimaarbeidet, og no vil vi ha alle med på laget, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Kommunane rår over verkemiddel som omfattar om lag 20 prosent av klimagassutsleppa i Fastlands-Noreg. De yter tenester til befolkninga, forvaltar eigedomar, kjøper inn varer og tenester og planlegg bruken av areal for både næringsliv og privatpersonar.

Omsynet til klima er sentralt i den nye plan- og bygningslova som tok til å gjelde 1. juli 2009. Ei statleg planretningsline vil lette arbeidet for kommunane ved å klargjere kva planane skal innehalde.

Planane bør innehalde informasjon om hva for klimagassutslepp kommunen har og korleis dei kan utvikle seg i framtida. Dei bør også ha med informasjon om bruk av energi, og mål for utslippskutt og meir effektiv energibruk. Kommunane bør utgreie korleis dei kan nå dei vedtekne måla, og lage handlingsprogram med klår ansvarsfordeling.

–Kommunane kan bidra sterkt til å redusere Noreg sine utslepp av klimagassar og til å gjennomføre energieffektivisering og bruk av meir miljøvenleg energi. Vi  forventar at alle kommunar skal gjennomføre klima- og energiplanleggjing innan 1. juli neste år.  Dei enkelte kommunar og fylkeskommunar kan sjølv velje korleis dei vil leggje opp arbeidet, seier Solheim.

Mange kommunar er allereie i gang med å lage klima- og energiplanar, noko dei har kunna søkje om tilskott til frå Enova. I tillegg er mange kommunar med i programma Grøne energikommunar, Livskraftige kommunar og Framtidas byer. I desse programma har det vore tilbydd hjelp og rettleiing i arbeidet og i nokre døme også finansiell støtte.

Nyttig informasjon: