Miljøverndepartementet vedtar statleg plan for Ålesund lufthamn
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Miljøverndepartementet
Pressemelding | Dato: 15.03.2010
Miljøverndepartementet har i dag teke til følgje motsegn frå Møre og Romsdal fylke til reguleringsplan for Ålesund lufthamn, Vigra. Dette inneber at framlegget om at dagens fylkesveg 135 i vestenden av flyplassen skulle leggjast gjennom Blindheimsvik fuglefredingsområde, ikkje vert stadfesta.

Mellom anna ut frå omsynet til at det hastar med å få opparbeidd ny sikkerheitssone i vestlege delen av flyplassområdet har Miljøverndepartementet fatta vedtak om bruk av statleg reguleringsplan for flyplassen. Etter ei samla vurdering av opplysningane i saka har departementet valt å vedta den planen som legg fylkesvegen til nordsida av flyplassen.
Dette alternativet er det som samla sett vil gje den beste løysing for flyplassen, og dermed også sikre den vidare utviklinga av flyplassen.