Historisk arkiv

Solheim og Sørensen vitjar Hedmark

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim og statssekretær Heidi Sørensen vitjar onsdag Hedmark for å delta i eit dialogmøte om rovvilt.

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim og statssekretær Heidi Sørensen vitjar onsdag Hedmark for å delta i eit dialogmøte om rovvilt.

Under møtet vil ordførar i Ringsaker kommune, leiar av rovviltnemda og blant andre representantar for jordbruks-, skogbruks- og naturvernorganisasjonane halde innlegg.

Statsråden vil også vitje ein lokal gard og møte sauebonden og det lokale beitelaget for å bli orientert om sauehald i denne regionen og dei utfordringane næringa møter.

Pressa er velkomen til å delta under heile eller delar av vitjinga.

Kvar: Hotel Høsbjør i Ringsaker
Når: Kl. 10.30 onsdag 12. mai

Statsrådens gardsbesøk:

Kvar: Garden Godager i Furnes
Når: Kl. 14.15 onsdag 12. mai