Historisk arkiv

Regelverk for køprising og ny rettleiar om luftkvalitet – verktøy for betre byluft

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Byane kan snart innføre køprising for å få ned klimagassutsleppa og betra den lokale luftkvaliteten. Reglane for køprising blir sett i kraft i oktober.

Byane kan snart innføre køprising for å få ned klimagassutsleppa og betra den lokale luftkvaliteten. Reglane for  køprising blir sett i kraft i oktober. 

- Køprising gir mindre biltrafikk og fleire kollektivpassasjerar. I tillegg blir framkoma betre for kollektivtrafikken og dei som må køyra. Erfaringane frå andre land er svært positive, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Køprising betyr at bilistane må betala  for å køyra på enkelte vegar på bestemte tidspunkt . På tider av døgnet med mykje trafikk , blir prisen høgare enn på tider med mindre .

- Eit slikt tiltak kan bety mykje for byane våre, ikkje berre for å betra lufta lokalt, men også for å få ned utsleppa av klimagassar. Dessutan blir byane betre å bu i ved at det blir færre bilar og mindre kø, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Innføring av køprising må vera forankra i lokalpolitiske vedtak. Gode kollektivløysingar i området er ein føresetnad. Inntektene frå køprising skal brukast til transportformål i området. Tiltak som vil redusera behovet for bilbruk, vil bli prioritert.

- Eg oppmodar norske byar om å nytta seg av moglegheitene det nye regelverket gir! seier Kleppa.

Rettleiar om tiltak mot luftureining
Lokal luftkvalitet – Veiledning til kommuner og anleggseiere om gjennomføring av tiltak rettet mot luftforurensning”, er ein rettleiar utarbeidd av Klima- og forureiningsdirektoratet, Vegdirektoratet, Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet.

For statlege styresmakter er det viktig å sørgja for at lokale styresmakter har ei god verktøykasse som gjer det mogleg å halda seg under grenseverdiane for lokal luftforureining. Dette er viktig for å sikra folks helse og eit godt bymiljø. Det er dessutan viktig å ha verktøy som kan handtera akuttsituasjonar.

-Kunnskap om kva verktøy som bør nyttast når og korleis, kva verknad dei har og kven som har ansvaret for å ta dei i bruk, er viktig. I fjor vinter hadde vi både i Oslo og Bergen periodar med veldig dårleg luftkvalitet.  Rettleiaren som no er lagd fram er eit viktig tiltak for å bidra nettopp til slik kunnskap, seier Erik Solheim.

Se hele pressekonferansen her

Les mer om veilederen på Klifs hjemmeside.