Desse tiltaka kjem i tillegg til det som kraftselskapa sjølv vert pålagt å gjere i handsaminga av konsesjonar for kraftliner.

- Eg er glad for at vi no kan bidra til å få sikra og isolert dei kraftlinjene som er farlegast for den største ugla vi har i Noreg, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.
 
Hubroen sit gjerne på ein jaktpost høgt oppe når den jaktar. I trefattige strok set den seg difor ofte på kraftleidningsstolpar. Den har eit vengespenn på 1,5–1,8 meter og kan komme bort i fleire leidningar samstundes når den slår ut  vengene sine.

Pengane skal i hovudsak gå til tiltak som å isolere straumleidningar, få fortgang i arbeidet med å flytte transformatorstasjonar ned på bakken og byggje plattformer som hubro kan sitje på.  Nokre av pengane vil også gå til å kartleggje stolpekonstruksjonar som er ei fare for hubro. Det blir lagt opp til eit nært samarbeid med netteigarar.

Framlegget i budsjettet for 2012 er eit ledd i at regjeringa dei neste åra vil bruke 30 millionar kroner for å redusere den samla belastninga på denne truga arten.
Hubroen var tidligare ein alminneleg hekkefugl i Noreg. Arten blei freda i 1971, men tilbakegangen har likevel halde fram. Den norske hubrobestanden er no på om lag 350-600 par, og arten har status som sterkt truga på Norsk raudliste for arter 2010. Hubroen er opplista på vedlegg til Bern-konvensjonen, og dette inneber at Noreg internasjonalt har plikt til å ta vare på arten og områda den lever i.

Les mer om mål i miljøpolitikken i brosjyren "Norske miljømål": 

Norske miljømål logo. 

Norske miljømål logo. (Miljøverndepartementet)