Tilskota til freda bygningar aukar med nær ni millionar kroner. Av desse skal 6,9 millionar gå til bevaringsprogrammet for freda, privateigde bygningar og to millionar til arbeidet med å sikre og setje i stand samiske bygningar. Totalt er det sett av 225 millionar kroner til arbeid med å sikre freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø.

Vidare foreslår regjeringa å løyve åtte millionar kroner til verdiskaping basert på kulturarven, dette er ei auke på fem millionar frå budsjettet for i år.

- Eg er nøgd med at det gode arbeidet med å setje i stand og vedlikehalde dei viktige kulturminna våre kan halde fram også neste år. Sidan 2005 har løyvingane til kulturminneområdet, inkludert avkastninga frå Kulturminnefondet, auka med 243 millionar kroner. Dette er eg stolt over å ha fått gjennomslag for, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Den største auka har kome på postane som går til vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og til fartøyvern. Løyvingane til vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne har auka med nær 115 millionar kroner og er i budsjettforslaget på rundt 225 millionar kroner. På same tid har løyvingane til fartøy auka med  14,7 millionar kroner og er i budsjettforslaget på 43,7 millionar kroner.

Les mer om mål i miljøpolitikken i brosjyren "Norske miljømål": 

Norske miljømål logo. 

Norske miljømål logo. (Miljøverndepartementet)