Historisk arkiv

Ikkje jakt med pil og boge nå

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Miljøverndepartementet opnar ikkje for ei prøvejaktordning for bogejakt før ein har vitskapelig dokumentasjon på at jaktforma ivaretek dyras velferd på ein like god måte som jakt med andre tillatne jaktvåpen.

Miljøverndepartementet opnar ikkje for ei prøvejaktordning for bogejakt før ein har vitskapelig dokumentasjon på at jaktforma ivaretek dyras velferd på ein like god måte som jakt med andre tillatne jaktvåpen.

- Til tross for at ein har funne pilspissar heilt tilbake frå steinalderen er bogejakt med dagens moderne utstyr å rekne som ein ny jaktform i Noreg. Eg er opptatt av at vi må stille dei same krava til human jaktutøving til denne jaktforma som til andre jaktformer. Difor treng vi meir kunnskap, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

I februar 2011 sendte Norges Buejegerforbund, i samarbeid med Norges Bondelag, Norges Skogeierforbund, NORSKOG og Norges jeger- og fiskerforbund, ein søknad om å få gjennomføre eit treårig prøveprosjekt med å bruke pil og boge til jakt. Prosjektet inneberer utprøving av bogejakt i utvalte regionar, men også kvalitetssikring av opplærings – og kvalifiseringsprosessar for bogejegarar.

Miljøverndepartementet har behandla søknaden og bestemt at ei eventuell prøvejakt utsettes til ein har vitskapeleg dokumentasjon på at jaktforma ivaretek dyras velferd på ein like god måte som jakt med andre tillatne jaktvåpen. Miljøverndepartementet meiner at ei prøvejaktordning ikkje gjev svar på viktige dyreetiske spørsmål. Direktoratet for naturforvaltning har derfor fått i oppdrag å utrede dette nærmare. Vitskapelege forskingsinstitusjonar med kompetanse på dyrevelferd og Mattilsynet skal involverast i planlegging og gjennomføring av utredninga.