Historisk arkiv

Nokre framsteg, men ikkje konkret nok i Rio

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Under toppmøtet om miljø og utvikling i Rio i Brasil blei det semje om å utvikle nye mål for berekraft. Slike mål kan bli viktige for å styre politikken i ei betre retning, meiner miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

Under toppmøtet om miljø og utvikling i Rio i Brasil blei det semje om å utvikle nye mål for berekraft. Slike mål kan bli viktige for å styre politikken i ei betre retning, meiner miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

Møtet i Rio blei avslutta fredag og samla godt over hundre regjeringssjefar og ministrar. Blant dei var statsminister Jens Stoltenberg, miljøvernminister Bård Vegar Solhjell og utviklingsminister Heikki Holmås. Dei deltok på ei rekkje arrangement om mellom anna energi og regnskog, og hadde eigne møte med kollegaer frå andre land.

Bård Vegar Solhjell hadde helst sett at slutt-erklæringa var meir konkret: - Eg er skuffa over at vi ikkje fekk til meir forpliktande vedtak. Framleis er det snakk om langsame prosessar som om nokre år skal gje oss meir handfaste mål å styre etter. Men det er ingen grunn til å vente, vi må gjere alt vi kan for å føre verda i ei meir berekraftig retning, seier Solhjell.

Det viktigaste som kom i stand i Rio var vedtaket om å utvikle mål for berekraft.  Meininga er at det skal utformast mål, tiltak og indikatorar, til dømes innanfor vatn, energi og mat slik at ein betre skal kunne styre utviklinga.

Vidare vert det semje om ein prosess for grøn økonomi. Land som ynskjer bistand i arbeidet for ei grøn utvikling, skal få det. Det blei også framsteg i arbeidet for å setje ei økonomisk verdi på tenesta som naturen gir oss. FN skal utvikle arbeidet sitt med måling av økonomien utover det ein gjer i dag med bruttonasjonalprodukt, BNP.

Dessutan blei landa einige om å styrkje FN sitt miljøprogram, UNEP, og det blei gitt støtte til generalsekretæren sitt initiativ om berekraftig energi til alle.

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell og Brasils miljøminister Izabella Teixeira. (Foto: MD)

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell og Brasils miljøminister Izabella Teixeira. (Foto: MD)