Historisk arkiv

Departementet har avgjort klagesaker om lisensfelling av ulv

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Miljøverndepartementet opprettheld kvotane for lisensfelling av ulv i dei seks rovviltregionane i Sør-Noreg. Det opnast dermed for lisensfelling av til saman åtte ulv i forvaltningsregionane 1, 2, 3, 4/5 og 6.

Miljøverndepartementet opprettheld kvotane for lisensfelling av ulv i dei seks rovviltregionane i Sør-Noreg. Det opnast dermed for lisensfelling av til saman åtte ulv i forvaltningsregionane 1, 2, 3, 4/5 og 6.

I rovviltregionane 4 (Østfold, Akershus, Oslo) og 5 (Hedmark), som har bestandsmål på tre årlege ynglingar av ulv, har departementet justert avgrensinga av fellingsområdet.

Påklaga lisensfellingsvedtak

Rovviltnemndenes vedtak om kvote for lisensfelling av ulv i sesongen 2012-2013 vart påklaga av Naturvernforbundet, NOAH – for dyrs rettigheter, Foreningen Våre Rovdyr, Miljøvernforbundet og Bygdefolk for rovdyr.

Naturvernforbundet påklaga alle vedtaka, og meinte mellom anna at kvoten for lisensfelling totalt sett var for høg. For å  få ei reell klagehandsaming og vurdere det samla resultatet av vedtaka, avgjorde Miljøverndepartementet at lisensfellinga ikkje skulle setjast i verk før departementet hadde handsama klagane.

Lisensfellingskvotane

Departementet opprettheld kvotane for lisensfelling av ulv i region 1 (Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane), region 2 (Buskerud, Telemark, Vestfold og Aust-Agder), region 3 (Oppland), region 4 (Østfold, Akershus og Oslo), region 5 (Hedmark) og region 6 (Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal). Det kan dermed opnast for lisensfelling av ulv att i desse regionane.

Når det gjeld vedtaket i rovviltnemnda i region 6 om utviding av kvoten, gjeld framleis departementet sitt vedtak om utsett iverksetting inntil klagefristen  har gått ut eller inntil ei eventuell klagesak er avgjort.

I forvaltingsregion 4 og 5 har departementet justert avgrensinga av lisensfellingsområdet. Dette er gjort for å ivareta genetisk viktige individ av ulv som har delar av leveområdet utanfor forvaltingsområdet for ynglande ulv.

–Miljøverndepartementet meiner det er fagleg rom for å behalde kvotane som er sett av rovviltnemndene og samtidig oppnå bestandsmålet på tre årlege ynglingar innanfor forvaltingsområdet for ynglande ulv neste år, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

I tråd med rovviltforliket skal miljøforvaltinga så langt det er mogeleg sørgje for at resten av lisensfellingskvoten blir teken ut i dei områda det er gitt løyve til lisensfelling. Departementet meiner at den samla kvoten som det no blir opna for er høg, men forsvarleg for å oppnå bestandsmålet. Den relativt høge kvoten medfører at departementet må vurdere om, og i tilfelle kvar, det skal settast i verk  ekstraordinære tiltak dersom lisensfellinga ikkje gjev tilfredsstillande utteljing.

I forvaltingsregion 8 (Troms og Finnmark) er ikkje klagefristen gått ut enno, og i region 7 (Nordland) er det ikkje opna for lisensjakt.

Sakshandsaming

Søknader og klager på vedtak om lisensfelling, kvotejakt og skadefelling utanom beitesesongen skal, så langt det er mogeleg, handsamast så raskt at saka ikkje mister aktualitet. Dette følgjer av rovviltforliket.

–Departementet vil no sjå vidare på rutinar for sakshandsaming når det gjeld vedtak om kvotar for lisensfelling av ulv, for å sikre at vedtak blir fatta tidleg nok til å sikre ei reell handsaming av klagen, seier Bård Vegar Solhjell.