- Eg meiner dette tiltaket ikkje vil redusere verdiane knytt til oppleving av natur eller kulturmiljø i nærliggande område. Derfor seier vi ja til bygging, seier miljøvernminister Solhjell.

Haugesund har fremma motsegn til reguleringsvedtaket ut frå omsynet til det regionalt verdifulle kulturlandskapet og kulturmiljøet på Vibrandsøy. Etter Miljøverndepartementet si vurdering vil den visuelle verknaden av dei to vindturbinane ikkje redusere verdiane knytt til oppleving av kulturlandskapet og kulturmiljøet eller friluftslivsinteressene på Vibrandsøy i vesentleg grad. Motsegna frå Haugesund kommune tas derfor ikkje til følgje.

Miljøverndepartementet har vurdert saka i samanheng med fleire påklaga vindkraftverk i Rogaland, som er til behandling i Olje- og energidepartementet.

Les vedtaksbrevet her.