Nytt panel er eit løft for vitskapeleg arbeid om naturmangfald
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Miljøverndepartementet
Pressemelding | Dato: 24.04.2012
Etter fire år med forhandlingar er det semje om å starte opp arbeidet i Naturpanelet. Tyskland sin FN-by, Bonn, blei vald til å huse sekretariatet for panelet.
- Dette inneber ein kraftig styrking av det internasjonale samarbeidet mellom forsking og forvaltning for å stogge tapet av verdens naturmangfald. Noreg har allereie underteikna sluttdokumentet og fremja tilbod om å støtta opp om arbeidet med norsk kompetanse for kapasitetsbygging gjennom fagmiljøa knytt til naturmangfald i Trondheim, seier miljøminister Bård Vegar Solhjell.
Laurdag kveld vart dei internasjonale forhandlingane for å lokalisera sekretariatet og skipa regler for det internasjonale Naturpanelet sluttførd etter vanskelige drøftingar i Panama City. Fleire enn 100 land deltok aktivt i forhandlingane. Arbeidet med å etablere Naturpanelet er forankra i FN sin generalforsamling, og fleire FN-organisasjonar har samarbeida om saka.
Naturpanelet er ein parallell til Klimapanelet. Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell og utviklingsminister Heikki Holmås peiker begge på at panelet vil styrka kunnskapsgrunnlaget for politiske vedtak knytt til naturmangfald på både internasjonalt og nasjonalt nivå og at eit tett samarbeid mellom forsking og forvaltning er naudsynt for å understøtta arbeidet i panelet.
- Naturpanelet vil gje eit felles globalt kunnskapsgrunnlag for meir konkrete vedtak internasjonalt som styrkar rammene for ein meir effektiv naturforvaltning på nasjonalt nivå, seier Solhjell.
Utviklingsminister Heikki Holmås: - Eg er spesielt nøgd med at Naturpanelet skal jobbe med å byggje opp fattige lands eigen evne til å jobbe med naturmangfald. Noreg og våre fagmiljø har ei stor rolle å spele i dette samarbeidet.
Resultat og kunnskap frå Naturpanelet, også omtalt som IPBES (Intergovernmental Platform on Biodiversity and Ecosystem Services) er sterkt ynskja frå ei rekkje internasjonale avtalar. Naturpanelet skal omfatte alt naturmangfald på land, i ferskvann og i havet.
Noreg har spela ei sentral rolle i å skape semje om Naturpanelet, gjennom å utvikla ein styrka felles forståing av kapasitetsbygging knytt til panelets arbeid. Fagmiljøa i Trondheim vil arbeide vidare med kapasitetsbygging for Naturpanelet i samspel med mellom anna det nye sekretariatet i Bonn for å styrka kunnskapsgrunnlaget for forvaltninga av naturmangfald over heile verda.
Den norske delegasjonsleiaren Idunn Eidheim frå Miljøverndepartementet avgir stemme for hvor sekretariatet skal plasseres