Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2013

Regjeringa følgjer opp klimaforliket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Regjeringa følgjer opp klimaforliket i statsbudsjettet for 2013. CO2-avgifta på sokkelen skal aukast frå 1. januar, det blir sett av ti milliardar kroner ekstra til eit klima- og energifond, Klima- og skogprosjektet får auka si løyving til tre milliardar kroner og det blir meir pengar til kollektivtransport.

Regjeringa følgjer opp klimaforliket i statsbudsjettet for 2013. CO2-avgifta på sokkelen skal aukast frå 1. januar, det blir sett av ti milliardar kroner ekstra til eit klima- og energifond, Klima- og skogprosjektet får auka si løyving til tre milliardar kroner og det blir meir pengar til kollektivtransport.

I tillegg kjem fleire andre satsingar på dei ulike departementa sine område.

–Regjeringa la fram ei ambisiøs klimamelding og inngjekk klimaforlik med Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre. Klimasatsinga må følgjast opp i budsjett og vedtak. Dette er vi godt i gang med i statsbudsjettet for 2013, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

Regjeringa vil auke CO2-avgifta med 200 kr per tonn for petroleumssektoren på norsk kontinentalsokkel frå 1. januar 2013. Dette tilsvarer ein utsleppskostnad på om lag 410 kroner per tonn. Det vert òg føreslått at fiske og fangst vert ilagt ei CO2-avgift tilsvarande 50 kroner per tonn CO2.

Klima- og energifond
Det er vedteke å opprette eit nytt fond for klima, fornybar energi og energiomlegging med utgangspunkt i Grunnfond for fornybar energi og energieffektivisering. Regjeringa vil auke kapitalen i fondet med ti milliardar kroner i 2013. Dette gjev ein samla fondskapital på 35 milliardar kroner og vil auke overføringane til Energifondet frå 2014. Dei samla inntektene til Energifondet vert anslått til 1 836 millionar kroner i 2013.

Teknologisatsinga har som mål å redusere klimagassutslepp og gje varig energisparing i industrien gjennom å utvikle og ta i bruk nye teknologiar.

Ein klimavenleg byggsektor
I klimameldinga går det mellom anna fram at regjeringa vil skjerpe energikrava i byggteknisk forskrift til passivhusnivå i 2015 og nesten nullenerginivå i 2020. Regjeringa vil arbeide for lågare energibruk og reduserte klimagassutslepp frå bygningar.

Regjeringa vil òg i 2013 vidareføre arbeidet med samarbeidsprogramma Framtidas byar, FutureBuilt og Lågenergiprogrammet for å spreie kompetanse om energikrav og energieffektive hus. Frå og med 2013 vil Kommunal- og regionaldepartementet ha det statlege finansieringsansvaret for Lågenergiprogrammet. Enova kan nytte pengane i Energifondet til å finansiere ei særskilt ordning for utskifting av oljekjelar i hushald og til grunnlast.

Klimaforsking
Regjeringa vil styrke klimaforskinga med 47 millionar kroner i 2013. Satsinga er fordelt mellom Kunnskapsdepartementet med 13 millionar kroner, Miljøverndepartementet med ti millionar kroner, og 3,5 millionar kroner kvar til Fiskeri- og kystdepartementet og Landbruks- og matdepartementet. I tillegg har Kunnskapsdepartementet omprioritert 17 millionar kroner til klimaforsking innafor departementets eksisterande ramme.

Internasjonal klimasatsing
Regjeringa aukar innsatsen mot avskoging i utviklingsland over Utanriksdepartementets budsjett, til om lag tre milliardar kroner i 2013. Det er ein auke på om lag 400 millionar kroner frå 2012. Innsatsen gjev gode resultat. Noreg har bidrege til betydelege utsleppsreduksjonar i Brasil, og til betre skogforvalting i land som Indonesia, Etiopia, Guyana og Tanzania.

Innsatsen for rein energi og klimatilpassing med særleg vekt på matsikkerheit aukar til om lag to milliardar kroner i 2013. Satsinga på klima i utviklingssamarbeidet skal både medverke til å redusere klimaskadelege utslepp og lette dei fattige landa si tilpassing til klimaendringane. Noreg prioriterer òg å hjelpe utviklingslanda med å utnytte fornybare energiressursar (vasskraft, sol og vind) i staden for å auke bruken av fossile energikjelder. Det norske initiativet Rein energi for utvikling og det internasjonale energi- og klimainitiativet Energy+ utgjer sentrale delar av den samla norske politikken på klima- og energiområdet.

I tillegg føreslår regjeringa ei løyving på 630 millionar kroner til kjøp av klimakvoter.

Transportsektoren
Regjeringa prioriterar å styrke kollektivtransport og andre miljøvennlege transportløysingar. Til investeringar, vedlikehald og drift av jernbanenettet er det løyva om lag 11,4 milliardar kroner, ein auke på om lag 1,4 milliardar eller 14,3 prosent frå 2012. Påskjøningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byområda aukast med 262,1 millionar kroner til totalt 673,1 millionar kroner i 2013, i tråd med klimaforliket på Stortinget. Løyvinga til gang- og sykkeltiltak langs riksvegnettet aukast med om lag 50 millionar kroner til 352,1 millionar kroner. Transnova er etablert som eit permanent organ. I 2013 vil Transnova mellom anna støtte vidare utbygging av hurtiglading for elektriske kjøretøy og klimavennleg godstransport.

Omlegging av bilavgiftene i meir miljøvennleg retning vidareførast ved at både CO2- og NOX-elementet i eingangsavgifta styrkast. Både global og lokal forureining er dermed adressert i avgifta, i tråd med klimaforliket. Omleggingane av eingangsavgifta har allereie bidrege til betydeleg reduksjon i gjennomsnittleg CO2-utslipp frå nye personbilar - frå 177 g/km i 2006 til 130 g/km i perioden januar til september 2012. Miljødifferensieringa i vektårsavgifta for tunge køyretøy utviklast vidare med ein ny avgiftsklasse for køyretøy som oppfyller dei nye strengare europeiske utsleppskrava i EURO VI frå 1.1.2013.