Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell deltek fredag på eit uformelt ministermøte om klimaforhandlingane i Bonn i Tyskland. Sør-Afrika har invitert ei rekkje land til å diskutere vegen vidare frå klimamøtet i Durban i desember, og korleis ein skal sikre framsteg på det neste ministermøtet i Doha i Qatar. Måndag deltek Solhjell på eit klimamøte i Brussel med same tema.

Møtet i Brussel måndag er det EUs klimakommissær Connie Hedegaard og Danmarks klimaminister Martin Lidegaard som har teke initiativet til. Der deltek dei landa som inngjekk i ein allianse for ein mest mogeleg ambisiøs klimaavtale i Durban.  Saman med EU og Noreg består alliansen mellom anna av små øystatar og dei fattigaste u-landa. Både Sør-Afrika og Quatar deltek også på møtet i Brussel.