Dette er eit ledd i innføringa av den nye forvaltningsmodellen for verneområde. Kommunane og fylkeskommunen får gjennom deltaking i verneområdestyret ansvaret for å forvalte store nasjonale verdiar.

- Det er særs gledeleg at Norddal og Stranda kommunar saman med Møre og Romsdal fylkeskommune vil ta ansvar med å ivareta dei unike naturverdiane i Geiranger-Herdalen landskapsvernområde og Kallskaret naturreservat. Verneområdestyret får eit stort ansvar på vegne av heile nasjonen for å forvalte viktige nasjonale og internasjonale naturverdiar, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Oppnemning av verneområdestyret skjer etter at miljø- og utviklingsministeren i desember 2009 inviterte alle kommunar med nasjonalparkar og andre store verneområde til å delta i forvaltninga av verneområda innanfor sine grenser.

Verneområdestyret for Geiranger-Herdalen landskapsvernområde og Kallskaret naturreservat vil bestå av: Bjørn Inge Ruset frå Norddal kommune, Jan Ove Tryggestad frå Stranda kommune og Ingrid Opedal frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Verneområdestyret skal gjere vedtak og gjennomføre tiltak innafor ramma av verneforskriftene slik at naturverdiane i landskapsvernområdet og naturreservatet vert sikra for komande generasjonar.

Innføringa av denne nye forvaltningsmodellen for verneområda skjer på bakgrunn av regjeringa sitt framlegg i Miljøverndepartementet sin budsjettproposisjon for 2010 (Prop. 1 S (2009-2010)). Stortinget har slutta seg til dette. Tilsvarande styrer for nasjonalparkar og andre store verneområde elles i landet, vert oppnemnd fortløpande.