Historisk arkiv

Vil endra vernegrensa i Froan landskapsvernområde slik at dagens oppdrett kan halde fram

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Miljøverndepartementet har i dag bestemt at det skal leggjast til rette for permanent oppdrettsverksemd i Froan.

Miljøverndepartementet har i dag bestemt at det skal leggjast til rette for permanent oppdrettsverksemd i Froan.

Departementet har difor i brev av i dag bedt Direktoratet for naturforvaltning om å utarbeide høringsutkast til endring av vernegrensa for Froan landskapsvernområde. Føremålet med denne endringa er å ta dei to oppdrettsanlegga ut av verneområdet. Inntil grenseendringssaka er sluttført blir det gitt ny mellombels dispensasjon til dagens eksisterande oppdrettsverksemd. Det har vore drive oppdrett i Froan landskapsvernområde sidan 1998.

Sidan den aktuelle endringa skjer i eit Ramsarområde vil departementet samstundes be om at det vert gjort ei utviding av verneområdet. Utvida areal bør følje dei retningslinene som er gitt under Ramsarkonvensjonen.

Vedtak i klagesak- Lakseoppdrett i Froan landskapsvernområde (pdf)

Brev til DN med oppdrag om å starte grenseendringsprosess for verneområdet (pdf)