Styre til Skardsfjella-Hyllingsdalen utnemd
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Miljøverndepartementet
Pressemelding | Dato: 18.02.2013
Miljøverndepartementet har utnemnd verneområdestyret som skal forvalte Skardsfjella-Hyllingsdalen landskapsvernområde i Sør-Trøndelag fylke.
Miljøverndepartementet har utnemnd verneområdestyret som skal forvalte Skardsfjella-Hyllingsdalen landskapsvernområde i Sør-Trøndelag fylke.
Dette er eit ledd i innføringa av den nye forvaltningsmodellen for verneområde. Kommunane, fylkeskommunen og Sametinget får gjennom deltaking i verneområdestyret ansvaret for å forvalte store nasjonale verdiar.
- Det er særs gledeleg at Røros og Tydal kommunar saman med Sør-Trøndelag fylkeskommune og Sametinget vil ta ansvar med å ivareta dei unike naturverdiane i Skardsfjella-Hyllingsdalen landskapsvernområde. Verneområdestyret får eit stort ansvar på vegne av heile nasjonen for å forvalte viktige nasjonale og internasjonale naturverdiar, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.
Verneområdestyret for Skardsfjella-Hyllingsdalen landskapsvernområde vil bestå av: Hans Vintervold frå Røros kommune, John Paulsby frå Tydal kommune, Elisabeth Paulsen frå Sør-Trøndelag fylkeskommune og Knut Tørresdal og Ellen Bull Jonassen utpekt av Sametinget.
Verneområdestyret skal gjere vedtak og gjennomføre tiltak innanfor ramma av verneforskriftene slik at naturverdiane i landskapsvernområdet vert sikra for komande generasjonar.
Innføringa av denne nye forvaltningsmodellen for verneområda skjer på bakgrunn av regjeringa sitt framlegg i Miljøverndepartementet sin budsjettproposisjon for 2010 (Prop. 1 S (2009-2010)). Stortinget har slutta seg til dette.