Historisk arkiv

Vil sikre friluftsområde for alle

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Regjeringa vil halde fram med å sikre friluftsområde slik at alle kan få tilgang til dei. Ein ny handlingsplan for statleg sikring og tilrettelegging av friluftsområde legg opp til å prioritere område ved byar og tettstader i åra framover.

Regjeringa vil halde fram med å sikre friluftsområde slik at alle kan få tilgang til dei. Ein ny handlingsplan for statleg sikring og tilrettelegging av friluftsområde legg opp til å prioritere område ved byar og tettstader i åra framover.

– Nesten 80 prosent av befolkninga bur i byar og tettstader, og presset på grøntområde er stort. Det er difor viktig å sikre friluftsområde her. Men det skal framleis også sikrast friluftslivsområde utanfor byar og tettstader. Der skal vi legge hovudvekta på strandsoneområde og område ved innlandsvassdrag, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

Område med lite tilgjengeleg strandsone og stort press på areala skal prioriterast. 

Staten har heilt sidan 1958 brukt pengar til å sikre viktige friluftslivsområde, anten gjennom kjøp eller ved å inngå varige bruksavtalar med grunneigarane.

– Målet for regjeringa er at flest mogeleg driv eit aktivt friluftsliv, mellom anna fordi dette gjev stor helsegevinst. Regjeringa har i nært samarbeid med fylkeskommunane, kommunane og friluftslivsorganisasjonane kome fram til ei rekke tiltak for å styrke arbeidet med statleg sikring og tilrettelegging av friluftsliv i åra framover, seier Solhjell.

I 2013 har regjeringen løyva 44 millionar kroner til sikring av nye område for friluftsliv, og om lag 25 millionar kroner for tilrettelegging av dei områda som allereie er sikra. Det er i dag i underkant av 2000 friluftslivsområde rundt i heile landet som er varig sikra for friluftsliv med statleg medverking. Mange av desse områda er perler som ligg ved kysten eller ved innlandsvassdrag, og er mykje brukt. 

Eit viktig tiltak i handlingsplanen er å vidareføre kartlegging og verdsetting av friluftslivsområde i alle landets kommunar. På den måten vil det bli lettare å sikre dei viktigaste friluftslivsområda. Samstundes er denne kartlegginga eit verktøy for å unngå at friluftslivsområde blir bygd ned eller øydelagt på grunn av mangel på kunnskap.