Historisk arkiv

Ønskjer tettare band til Asia

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Dei asiatiske vekstøkonomiane var tema då næringsminister Monica Mæland møtte EFTA-ministrane på Island.

Dei asiatiske vekstøkonomiane var tema då næringsminister Monica Mæland møtte EFTA-ministrane på Island.

Næringsminister Monica Mæland på EFTA-møtet på Island. Her sammen med blant annet Filippinenes handelsminister Gregory Domingo.(Foto: Nærings- og fiskeridepartementet)

- Arbeidet med frihandelsavtalar har fått fornya aktualitet etter at forhandlingane mellom USA og EU, og mellom USA og stillehavslanda, starta, seier Mæland.

Næringsminister Monica Mæland deltok denne veka på EFTA sitt ministermøte på Island. I tillegg til å diskutere EU-USA-forhandlingane, gjekk ministrane gjennom arbeidet med handelsavtalar og vurderte kva som er mogleg å få til framover.

Asia er svært viktig for EFTA. Den søraust-asiatiske samanslutninga Asean (Brunei, Filippinane, Indonesia, Kambodsja, Laos, Malaysia, Myanmar, Singapore, Thailand og Vietnam) peikar seg ut som eit viktig satsingsområde.

-Asean har over 600 millionar innbyggarar og landa er i sterk vekst. Vi ønskjer å knyte tettare band til denne regionen, seier Mæland.

Utviklinga av regionen som handelsblokk, og det at EU og Asean kan etablerer ein frihandelsavtale, gjer det stadig meir aktuelt for EFTA å vurdere ein samla frihandelsavtale med Asean.

EFTA har forhandlingar med Indonesia, Malaysia,Vietnam og India. India fekk ny regjering i mai. EFTA-ministrane håpar å få på plass ein handelsavtale så snart den nye regjeringa er klar for det. 

På møtet skreiv EFTA og Filippinane under ein avtale om tettare samarbeid.

EFTA-ministrane drøfta også om det er mogleg å utvide handelsrelasjonane med samanslutninga Mercosur i Latin-Amerika og land i Afrika sør for Sahara.

- Vi inngår frihandelsavtalar for å sikre betre internasjonale konkurransevilkår for norske bedrifter. Næringslivet etterlyser ein frihandelsavtale med Brasil. Difor ønskjer vi å sjå om det er mogleg å få til sterkare handelspolitiske forbindelsar med Mercosur, som Brasil er medlem av, seier Mæland.