Historisk arkiv

Stortingsmelding om fiskeriavtalane for 2014

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet har i dag lagt fram ei melding til Stortinget om dei årlege fiskeriavtalane som Noreg inngår med andre land.

Nærings- og fiskeridepartementet har i dag lagt fram ei melding til Stortinget om dei årlege fiskeriavtalane som Noreg inngår med andre land.

-Vi deler dei fleste fiskebestandane med andre nasjonar, og internasjonalt samarbeid er avgjerande for å få til ei berekraftig og vellukka fiskeriforvaltning og ein felles kamp mot fiskerikriminalitet. Fiskeriavtalane er del av eit langsiktig forvaltningssamarbeid som gjer at vi i dag kan hauste på sterke fiskebestandar og drive lønsam næringsaktivitet, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Stortingsmeldinga omtalar kvoteavtalane for 2014 og samarbeidet i regionale forvaltningsorganisasjonar. Meldinga fortel også om arbeidet Noreg gjer i kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske.

Meldinga greier ut om bestandsutrekning, rådgjeving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltningsplanar for dei viktigaste bestandane.

Til slutt fortel meldinga om korleis norske og utanlandske fiskarar utnytta kvotane sine i 2012 og 2013, og kva for fartøygrupper som fiskar på dei kvotane Noreg har i sonene til andre land.

Ei slik stortingsmelding blir lagt fram årleg. Første gong var i 1995.