Historisk arkiv

Enklare å få bedriftsinfo frå Europa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

No skal det bli lettare å få oppdaterte opplysningar om verksemder i andre europeiske land.

No skal det bli lettare å få oppdaterte opplysningar om verksemder i andre europeiske land. 

Nærings- og fiskeridepartementet har i dag sendt eit forslag på høyring om endringar i føretaksregisterlova. Dette skjer i samband med gjennomføringa av EU-direktivet om samankopling av sentrale register, handelsregister og verksemdregister i norsk rett.

– Dette er eit europeisk samarbeid som gjer kvardagen enklare. Raskare og enklare tilgang til opplysningar om verksemder i Europa er bra for næringslivet, styresmakter og alle som treng oppdatert informasjon om bedrifter i andre land, seier næringsminister Monica Mæland.

Direktivet skal betre tilgangen til oppdaterte og pålitelege opplysningar om verksemdene. Det skal styrke den indre marknaden og skape eit meir konkurransedyktig Europa.

– Næringslivet skal få færre administrative byrder. Offentleg administrasjon blir òg styrka ved å auke samarbeidet mellom dei europeiske føretaksregistera, seier Mæland.

Alle registrerte opplysningar om føretak i Noreg er gratis tilgjengeleg hos Føretaksregisteret. Dei aller fleste opplysningane er tilgjengelege gjennom søk i Brønnøysundregistra. Det nye direktivet vil gjere det enklare å utveksle informasjon mellom føretaksregistera i EØS-området.

I ei ny felles europeisk plattform skal alle kunne hente ut informasjon som er registrert i dei europeiske føretaksregistera. Det vil gi næringslivet, kreditorar, forretningskontaktar, styresmakter og andre betre tilgang til oppdaterte opplysningar om hovudføretak og avdelingar i andre land. Opplysningar om grensekryssande fusjonar mellom føretak og flytting av hovudsete vil også bli raskare og enklare tilgjengeleg.

Direktivet medfører behov for endringar i føretaksregisterlova.

Høyringsfristen er 25. mars 2014.