Historisk arkiv

Høyringsnotat om tenestedirektivet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Nærings- og handelsdepartementet

Regjeringa sender nå eit notat om innhaldet og konsekvensane av tenestedirektivet på ei brei offentleg høyring. Frist for innspel er sett til 20. oktober.

– Regjeringa ønskjer eit breiast mogleg grunnlag for å avgjere om tenestedirektivet skal vere ein del av EØS-avtala, seier statssekretær Øyvind Slåke i Nærings- og handelsdepartementet.


Notatet gjennomgår ulike løysingar for korleis direktivet kan gjennomførast i norsk rett.

– Regjeringa er open for andre løysingar enn det som er foreslått i høyringsnotatet. Vi ber derfor høyringsinstansane om innspel også til gjennomføringsmåte, seier Slåke.

Regjeringa vil etter denne runden gå grundig gjennom alt tilgjengeleg materiale om tenestedirektivet, før det vert avgjort om direktivet skal vere ein del av EØS-avtala.

Høyringsfristen er sett til 20. oktober 2008.

EUs direktiv om tenester i den indre marknaden vart vedteke i 2006. Fristen for å sette i verk direktivet er sett til 28. desember 2009.

Høyringsnotatet og førebels norsk omsetting av direktivet finst under «Høringer» på heimesidene til Nærings- og handelsdepartementet:

http://www.regjeringen.no/nb/dep/nhd/dok/Horinger/Horingsdokumenter/2008/horing---konsekvenser-av-gjennomforing-a.html?id=520355