– Vi er stolte over at Halden-prosjektet er det største og eldste internasjonale forskningsprosjektet med sete i Noreg, sa statssekretær Øyvind Slåke under 50-årsmarkeringa onsdag.

Statssekretær Øyvind SlåkeBygginga av Halden-reaktoren starta som eit samarbeid mellom Nederland og Noreg i 1958. I dag omfattar forskningssamarbeidet private og offentlege organisasjonar i 17 land.

– Forskinga ligg heilt i front innan brensel- og materialteknologi, og innan forsking på databaserte system for overvakning og kontroll, sa Slåke og viste til at dette er svært viktig for styrkinga av tryggleiken ved atomreaktorar.

– Sjølv om vi ikkje har eigne atomkraftverk, har Noreg sterke interesser i den internasjonale forskinga på auka atomtryggleik, sa statssekretæren.

Sidan 1992 har Noreg brukt om lag 320 millionar kroner på å samarbeide med Russland og Ukraina for å betre tryggleiken ved atomkraftverka deira. Dette har vore ein suksess. – Rapportar viser at atomtryggleiken på verka på Kola er statistisk på same nivå som i Vesten, sa Slåke.

Over heile verda er det no ei aukande merksemd kring atomkraft for å dekkje etterspurnaden etter energi i framtida. – Forskinga ved Halden-reaktoren bidrar til ei felles internasjonal forståing av tryggleiksutfordringane ved bruk av atomkraft.

Slåke trekte også fram dei positive ringverknadene reaktorprosjektet har hatt for andre næringar, både innanfor transport- og petroleumssektoren.

Avtalen om forskingssamarbeid i Halden er blitt fornya kvart tredje år. Dagens avtale går ut ved nyttår. Eit offentleg utval leverte i vår ei evaluering av dei samfunnsmessige kostnadane og gevinstane av verksemda i Halden og på Kjeller. (Lenke til Hervik-utvalget) Evalueringa er ein del av beslutningsgrunnlaget for regjeringa om eventuell videreføring av Halden-prosjektet.