Flytoget hjelper pendlarar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet
Nyheit | Dato: 20.01.2010
For å betre situasjonen for pendlarar på Austlandet skal Flytoget og NSB samarbeide tettare.

For å betre situasjonen for pendlarar på Austlandet skal Flytoget og NSB samarbeide tettare.
– Eg vil rose både Flytoget og NSB for å ha vist ei offensiv vilje til å finne fram til konstruktive løysningar som kan bøte på problema. Også næringslivet er tent med at folk kjem seg på jobb i tide, seier nærings- og handelsminister Trond Giske som forvaltar det statlege eigarskapet i Flytoget.
I situasjonar der lokaltog blir innstilte eller er sterkt forsinka, kan pendlarar no få nytte Flytoget eller NSB sine fjerntog. Ordninga trer i kraft frå og med måndag i neste veke.
Den nye ordninga blei presentert av Giske og samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa under eit presstreff på Oslo S i ettermiddag.
Sjå Samferdselsdepartementets heimesider for meir informasjon om andre tiltak mot togkaos på Austlandet.