Historisk arkiv

Diskuterte miljøutfordringar med Kevin Costner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Nærings- og handelsminister Trond Giske gjesta Oljemessa i Stavanger, og diskuterte mellom anna miljøutfordringar med Kevin Costner.

Costner og Giske. Foto: Pål Berntsen

Nærings- og handelsminister Trond Giske diskuterte mellom anna miljøutfordringar med Kevin Costner då han gjesta oljemessa i Stavanger.

ONS er ei av dei viktigaste møteplassane i verda for olje- og gassindustrien. Messa har blitt arrangert sidan 1974. I år er 1351 selskap representerte i utstillinga og det er venta deltakarar frå om lag 100 land. Temaet i år er «Energy to more people».

Lars Peder Solstad (t.h) presenterer miljøsatsinga. Foto: Pål BerntsenCostner fortalde næringsministaren om eit sentrifugesystem for reinsing av oljesøl selskapet hans har utvikla. Systemet blir prøvt ut mellom anna i Mexico-Golfen.

Under omvisninga gjesta Giske fleire miljøteknologibedrifter som viste fram produkta sine. Ei bedrift som satsar grønt, er Solstad Offshore. Dei planlegg å kutte drivstofforbruket på skipa sine på sokkelen med inntil 20 prosent. Giske vart imponert:

– Dette er innovasjon som skaper nye forretningsmoglegheiter og betrar klima på same tid. Eg håper fleire reiarlag lèt seg inspirere, sa næringsministaren.