Skogholt deltok på konferanse om Space & Energy
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet
Nyheit | Dato: 26.08.2010
Statssekretær Pål Julius Skogholt deltok på konferansen Space & Energy, i Stavanger 25. august. Konferansen var ein del av olje- og energimessa Offshore Northern Seas (ONS).
Statssekretær Pål Julius Skogholt deltok på konferansen Space & Energy, i Stavanger 25. august. Konferansen var ein del av olje- og energimessa Offshore Northern Seas (ONS).
- Synergieffektane mellom romverksemda og energinæringa, spesielt i nordområda, er eit interessant og viktig tema, ikkje minst for Noreg, som ein stor offshorenasjon og med ein internasjonalt konkurransedyktig romindustri, seier statssekretær Skogholt.
Offshore Northern Seas (ONS) er ei bransjemesse for internasjonal olje- og energiindustri, som arrangerast i Stavanger kvart andre år. Space & Energy var ein av fleire konferansar som vart avhelde under årets ONS. Konferansen satt søkelyset på likskapar mellom energiindustrien og romindustrien, og på moglegheitene dette skapar for næringsutvikling og innovative løysingar.
Blant temaa som vart tatt opp under konferansen, var teknologioverføring mellom romverksemda og energiindustrien, korleis rom- og energiindustrien kan lære av kvarandre, bruk av rominfrastruktur i energiindustrien og felles teknologiske utfordringar.
- Rombasert infrastruktur bidreg til å løyse viktige utfordringar i energinæringa, ikkje minst offshore, gjennom til dømes satellittnavigasjon, kommunikasjon og oljesølsovarvaking. Samstundes finst det eksempel på at teknologioverføring mellom dei to næringane har gitt nye og betre løysingar. Eg er viss på at vi berre har sett begynninga på moglegheitene eit samarbeid mellom romverksemda og energibransjen opnar for, seier Skogholt.
Om norsk romverksemd
Målet for den norske romsatsinga er å oppnå vesentlege og vedvarande bidrag til auka verdiskaping, innovasjon, kunnskapsutvikling, miljø- og samfunnssikkerheit. Romverksemda skal vere samfunnsnyttig og bidra til industriutvikling og til å løyse nasjonale brukarbehov innafor til dømes navigasjon, kommunikasjon, jordobservasjon og samfunnssikkerheit. Løyvinga til romfart i statsbudsjettet for 2010 er på over 775 mill. kroner. Omsettinga av norskproduserte romrelaterte varer og tenester var i 2009 på 5,6 mrd. kroner.