Det var NHO-sjef John G. Bernander som overleverte statsråden dei 80 forenklingsråda denne veka.
- For å kutte skjemaveldet er det nødvendig med ein total gjennomgang av statistikkrapporteringen som bedriftene er pålagt, særlig den delen av rapporteringen som bedriftene ikkje ser nytten av, seier Bernander.

-Det er eit solid bidrag NHO kjem med, og eg vil gå gjennom dei 80 innspela med stor interesse.  NHO representerar mange ulike bedrifter som veit kor skoen trykkjer. Eg er glad for, og heilt avhengig av, eit godt samarbeid og gode innspel for å oppnå forenklingar som merkes i bedriftene. Målet er at bedriftene skal kunne bruke tida på produktivt arbeid, ikkje eit omfattande byråkrati, seier Giske.
 
Med dei 80 innspela fra NHO har NHD fått inn meir enn 350 råd om forenkling frå bedrifter, enkeltpersonar og organisasjonar gjennom nettstaden enklereregler.no. Nettstaden blei lansert for drygt tre månader sidan.

Regjeringa har eit ambisiøst mål for forenklingsarbeidet: Det skal forenklast bort 10 milliardar kroner i norsk næringsliv innen utgangen av 2015. Desse tilsvarar 21.000 årsverk ute i bedriftene. Regjeringa har allereie fjerna revisjonsplikta for de små bedriftene og redusert aksjekapitalkravet for de same bedriftene. Dessutan er Altinn vidareutvikla. Altinn er eit av de viktigaste verktya for forenkling,

Har du eit forenklingsforslag? Gje ditt innspel på www.enklereregler.no.