- 802-standard
802-standard er eit sett standardar for lokale nettverk
for datakommunikasjon utvikla gjennom IEEEs Prosjekt 802. Sjå også IEEE.
- ADSL
(Assymetric Digital Subscriber Line) er ein transmisjonsmetode
for breibandsoverføring på eksisterande telefonlinjer
(koparkabel) til abonnentane. Ei asymmetrisk datalinje har ulike
overføringshastighetar for sending og mottak.
- Aksessnett
(Tilknytingsnett) er den siste delen av sambandet i nettet
mellom den einskilde sluttbrukaren (kommuneadministrasjon, bedrift,
husstand) ut til eit knutepunkt med tilkopling til eitt eller fleire
transportnett.
- Bandbreidde
Angir overføringskapasitet for ei kommunikasjonslinje
i løpet av en viss tidsperiode. Vanlegvis måler
ein bandbredde for digitale linjer i biter pr. sekund. Stor båndbredde
gir for eksempel rask nedlasting av innhold fra Internett.
- Bit/s
Står for mengden informasjon som overføres
pr. tidsenhet i et digitalt system. Angis normalt i kbit/s
og Mbit/s.
- Digital dekodar
Også kalla set-top-boks. Apparat som mottek og
dekodar digitale signal til analoge signal. Dekodaren inneheld vidare
eit system for tilgangskontroll. Dekodaren kan også romme
ein lagringsfunksjon, slik at han kan ta opp program for seinare
avspeling.
- DSL
(Digital Subscriber Line) er eit generisk namn for breibandsoverføring
over eksisterande telefonlinjer (koparkabel), sjå xDSL.
- DSLAM
Digital Subscriber Line Access Multiplexer – eining
som samlar fleire digitale abonnement linjer, og dermed mogleggjer
at eit stort tal datastrømmar kan delast på ein
felles dataforbinding.
- DTT-IP
(Digital Terrestrial Television – Internet Protocol)
er Internett/breiband ved hjelp av kringkastingsteknologi,
kombinert med returkanal til dømes via ISDN.
- DVB
(Digital Video Broadcasting), dvs. digitalt fjernsyn.
- Frekvensband
Uttrykket vert brukt for å beskrive ulike områder
av radiofrekvensspekteret. Radioens «langbølge» er
eit frekvensbånd, mens «mellombølge» er
eit anna. Måleeininga er Hertz.
- FWA
(Fixed Wireless Access) Nemning for trådlaust radioaksess
system.
- Geodata
Data om objekt (vatn, hus og veger, fyr, med meir), hendingar
og forhold der posisjonen (ein stad på jorda) er ein vesentlig
del av informasjonen.
- GHz
(Giga Hertz) Milliardar svingingar per sekund.
- GPS
(Global Positioning System) Satellittbasert posisjoneringssystem
som kan angi posisjon (høgde, lengde- og breiddegrad) kor
som helst i verda med ein meters nøyaktigheit.
- Grunndata
Data som er registrert i systemets grunndataregister, og
er felles for alle systemdelar – til dømes data
frå kunderegister, postnummerregister, register over tilsette m.m.
- GSM
(Global System for Mobile Communications). Felleseuropeisk
digitalt mobiltelefonsystem.
- GSM-R
(GSM-Rail) Standard for mobil togkommunikasjon.
- Høykom
Offentleg finansiert program for tilskot til høgkapasitetssamband.
Ordninga skal, ved å stimulere offentlige verksemders etterspørsel
etter infrastruktur og næringsutvikling knytte til etatane
sine behov, gi marknaden incentiv for å bygge ut infrastrukturen,
men ikkje direkte finansiere denne. Høykom-Skole er eit
delprogram under Høykom-programmet. Det skal gis støtte
til prosjekter knyttet til bredbåndstilknytning (infrastruktur)
for grunnskoler og videregående skoler, samt innholdstjenester
for de samme skoleslaga.
- IEEE
(IEEE – Institute of Electrical and Electronics
Engineers) er ein organisasjon med 320 000 medlemmar I
147 land. IEEE arrangerar symposier og konferansar samt publiserar
avhandlingar om tema som IT og telekommunikasjon. IEEE er også eit betydeleg
standardiseringsorgan.
- Internett
Er eit stort og ope internasjonalt datanettverk, som består
av tusenvis av mindre nettverk over heile verda. Kommunikasjon over
Internett føregår ved hjelp av IP-protokollar.
Ei rekkje ulike tenester blir tilbodne via Internett, m.a. overføring
av datafiler (FTP), elektronisk post, World Wide Web etc.
- Internett-leverandør
Verksemd som tilbyr Internett-tenester, sjå ISP.
- ISDN
(Integrated Service Digital Network). Digitalt nett som
integrerer fleire typar tenester: tale, tekst, data og bilete.
- ISP
(Internett Service Provider) er ein Internett-teneste tilbyder.
I nokon samanhenger kan det være fruktbart å skille
mellom dei som berre tilbyr Internett aksess (tilknyting til nettet),
og andre som tilbyr verdiaukande tenester i tillegg.
- Koaksialkabel
Overføringskabel med høg kapasitet som
m.a. blir nytta i kabel-TV-nettet.
- Komprimering
Ein teknikk som reduserer informasjonsmengda og dermed sparer
lagerplass eller overføringskapasitet ved å eliminere
hol, tomme felt og overflødige data.
- Leigde linjer
Ei leigd linje er eit fast samband (til dømes telefonlinje
eller fiber) som ein abonnent (kommune eller bedrift) har til disposisjon
24 timar i døgnet, 7 dagar i veka.
- LLUB
(Local Loop UnBundling) førekjem når tilbyder
med sterk marknadsstilling i det faste nettet vert pålagt å la
konkurrentane leige dei faste aksesslinjene frå abonnentsida
av endesentralen og fram til abonnenten.
- LMDS
(Local Multipoint Distribution System), dvs. lokal mikrobølgjedistribusjon.
Metode for distribusjon av signal via mikrobølgjer med
rekkjevidde ca. 2–5 km.
- Metadata
Data som definerer, gir informasjon eller dokumenterer anna
data handtert innanfor ein applikasjon eller eit maskinmiljø.
- MMS
(Multi-Media Messaging) er «ein ny versjon» av
SMS, som gjer det mulig å sende tekst, foto, lyd og animasjonar
med mobiltelefon.
- Modem
(Modulator-DEModulator). Maskinutstyr som omset digitale
signal frå datamaskiner til analoge signal (modulasjon)
slik at signalet kan sendast over ei vanleg telefonlinje. Det analoge
signalet blir så endra til digital form (demodulasjon),
slik at ei anna datamaskin skal kunne forstå signalet.
- Mørk fiber
Mørk fiber er optisk fiber utan endeutrusting,
dvs. at nettleverandøren leverer fiber til kundane utan
mellomliggjande utrusting.
- Naudnett
Lukka nett for kommunikasjon mellom naudetatar (til dømes
brann, politi)
- Node
Knutepunkt i eit nettverk der to eller fleire kommunikasjonslinjer
møtest og blir kopla saman.
- Optisk fiber
Fiber laga av glas. Kan nyttast til høgkapasitets
overføring av signal over lange avstandar, med minimale
tap av signalstyrke og utan nemneverdig forvrenging.
- PKI
(Public Key Infrastructure) Infrastruktur for bruk av digital
signatur i stor skala.
- PSTN
(Public Switched Telephone Network) betegner det vanlege,
analoge telefonnettet.
- SDSL
(Symmetrical Digital Subscriber Line) er ein transmisjonsmetode
som nyttar eksisterande koparkabelnett (telefonnettet) til breibandskommunikasjon.
Tenesten gir same breibandskapasitet inn som ut. Tenesten er i hovudsak
retta mot offentlege og private verksemder som har behov for høg
kapasitet både oppstraums og nedstraums.
- SMS
(Short Message Service) Ein måte å sende
eller motta, korte tekstbaserte beskjedar til eller frå mobiltelefonar.
- Telemedisin
Medisinske tenester utført over telenettet ved
hjelp av systemer og løsninger basert på informasjonsteknologi.
Telemedisin omfatter blant anna fjernkonsultasjon og fjerndiagnose,
fjernundervisning og kompetanseoverføring, helsetorgtenester,
naudmeldings- og beredskapstenester.
- TETRA
TErrestrial Trunked RAdio (TETRA) Standard for naudnettskommunikasjon.
- Transportnett
Nett beståande av transmisjonssystem for den fysiske
overføringa av informasjon og dei logiske funksjonane som
er nødvendige for ruting av informasjon for ulike tenester
gjennom nettet.
- UMTS
(Universal Mobile Telecommunications System) er eit av systema
for tredje generasjons mobiltelefoni og skal kunne gi datakapasitet
opp til 2 Mbit for stasjonære brukarar (teoretisk), og
384 kbps for brukarar i bevegelse. I tillegg til å overføre tale
og data vil UMTS gjere det mogleg å sende og ta imot bilete,
grafikk, video og annan breibandskommunikasjon via mobiltelefon.
- VDSL
(Very high speed Digital Subscriber Line) er ein transmisjonsmetode
for breibandsoverføring på eksisterande telefonlinjer
(koparkabel) til abonnentane. VDSL opnar for tenester med behov
for svært stor overføringskapasitet opptil 52
Mbit/s.
- WLAN
Wireless Local Access Network (Trådlaust lokalnett)
gir trådlaus tilgang til eit nettverk frå ein
PC eller anna kommunikasjonsutstyr via eit tilgangspunkt. Ofte basert på standarden
802.11.
- xDSL
xDSL (DSL, Digital Subscriber Line) er eit uttrykk for ulike
standardar for breibandsoverføring på eksisterande
telefonlinjer (koparkabel) til abonnentane. Bokstaven x står
for ulike variantar. Sjå ADSL, SDSL og VDSL.