Historisk arkiv

Historisk forskingsinnsats

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Regjeringa vil fremme eit nyskapande og framtidsretta næringsliv, og aukar derfor løyvingane til innovasjon og næringsretta forsking.

Regjeringa vil fremme eit nyskapande og framtidsretta næringsliv, og aukar derfor løyvingane til innovasjon og næringsretta forsking. Over Nærings- og handelsdepartementets budsjett går 2,18 milliardar kroner til forsking i 2010.

– Investeringar i forsking og innovasjon er avgjerande for å sikre den framtidige konkurranseevna til norske verksemder, seier nærings- og handelsminister Sylvia Brustad.

Ho viser til at inga regjering tidlegare har sett av like mykje pengar til forsking.

– Vi styrker virkemidla som skal hjelpe næringslivet til å auke sin eigen forskingsinnsats, seier Brustad.

Rekordstor satsing

Totalt foreslår regjeringa ei løyving på 22,5 milliardar kroner til forsking over statsbudsjettet for 2010. Det er 1,7 milliardar meir enn i 2009.

Over Nærings- og handelsdepartementets budsjett vert det foreslått å løyve om lag 2,18 milliardar kroner til næringsrelevant forsking. Dette er ein vekst på 13 prosent samanlikna med saldert budsjett 2009.

Budsjettforslaget inneber tematisk sett ei særleg styrking av miljøteknologi, fornybar energi, marin bioprospektering og innovasjon i dei maritime næringane. Forslaget inneber også auka løyvingar til Noreg si deltaking i europeisk romsamarbeid.

Noregs forskingsråd

Tilskotet til Forskingsrådet vert foreslått auka med om lag 70 millionar kroner til 1,3 milliardar kroner samanlikna med saldert budsjett for 2009. Dette er ei auke på  6 prosent. I tillegg foreslår Regjeringa å løyve 880 millionar kroner til anna næringsrelevant forsking over Innovasjon Noreg sitt budsjett og til romforsking.

  • Som ei oppfølging av klimaforliket blir midlane til forsking øyremerka fornybar energi og energieffektivisering trappa opp med 23 millionar kroner til 56 millionar kroner.
  • Løyvingane til næringsrelevant forsking knytt til marin bioprospektering blir foreslått dobla samanlikna med saldert budsjett 2009 – til 24 millionar kroner.
  • Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA) blir styrka med 25 millionar kroner. Av dette vert 7 millionar øyremerka fornybar energi og energieffektivisering.
  • Ordninga med nærings-ph.d. blir styrka med 25 millionar kroner over Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett og tilsvarande beløp over budsjettet til Kunnskapsdepartementet.

Innovasjon Noreg

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Innovasjon Noreg med 26 prosent over Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett for 2010 til om lag 1,5 milliardar kroner. Dette er ei auke på 310 millionar kroner samanlikna med saldert budsjett for 2009.

  • Ramma for lågrisikolåneordninga aukar med 1 milliard til 2,5 milliardar kroner.
  • Ramma for innovasjonslåneordninga aukar med 200 millionar til 500 millionar kroner.
  • 100 millionar kroner blir sett av til ei ny ordning retta mot pilot- og demonstrasjonsprosjekt innanfor miljøteknologi.
  • Regjeringa løyver 50 millionar kroner til den landsdekkande etablerarstipendordninga.

– Satsinga på Innovasjon Noreg vil bidra til å realisere fleire gode idear og slik skape nye og framtidsretta arbeidsplassar. Ei styrka satsing på innovasjon og næringsutvikling hjelper næringslivet til å kome sterkare ut av nedgangen i verdsøkonomien­, seier Brustad.

Andre satsingar

  • Det er foreslått ein auke i tilskotet til romverksemda, mellom anna til Noreg si deltaking i utbygginga av satellittnavigasjons-systemet Galileo og til oppgradering av infrastrukturen på Andøya Rakettskytefelt i Nordland. (for tall sjå eiga pressemelding)
  • Regjeringa foreslår også å løyve 200 millionar kroner til auka innskotskapital i SIVA, øyremerkt eigedomsverksemda. Løyvinga skal medverke til framdrift i planlagde utbyggingsprosjekt.
  • Regjeringa foreslår at det blir gitt eit tilskot på 36 millionar kroner til Norsk Designråd i 2010. Av dette vil 10 millionar kroner gå til vidareføring av designdreve innovasjonsprogram (DIP).
  • Regjeringa foreslår og ei løyving på 11 millionar kroner til Ungt Entreprenørskap.