Historisk arkiv

Ser store moglegheiter for norsk miljøteknologi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

- Norske selskap har kompetansen som kan medverke til å oppfylle Storbritannias ambisjonar om fornybar energi, seier nærings- og handelsminister Trond Giske.

Nærings- og handelsminister Trond Giske
Nærings- og handelsminister Trond Giske på seminaret "Presenting Statkraft in the UK". (Foto: NHD)

- Norske selskap har kompetansen som kan medverke til å oppfylle Storbritannias ambisjonar om fornybar energi, seier nærings- og handelsminister Trond Giske. I dag var han i London for å delta på seminaret “Presenting Statkraft in the UK”.

Seminaret vart halde i regi av Statkraft, det  norsk-engelske handelskammer og den norske ambassaden i London og hadde som føremål å presentere Statkraft som leiande i Europa innan fornybar energi. Seminaret markerte også at Forewind-konsortiet, der Statkraft er med, har fått tildelt rettane til å utvikle havvindparkar på Doggerbank i Nordsjøen. 

- Dette prosjektet og tiltak innanfor offshore vindkraft inneber eit nytt og spanande samarbeid mellom dei to landa våre. Det finst ingen liknande prosjekt i verda, og det er fleire tekniske og logistiske utfordringar som må løysast. Partane er heilt avhengige av å kunne trekkje på erfaringane frå kvarandre, og må også sjå seg om etter innovative leverandørar og entreprenørar for å møte desse utfordringane, sa Giske.

Storbritannia har ambisjonar om å verte ein lavutsleppsøkonomi og har annonsert at den samla satsinga på offshore vindparkar skal dekkje ein fjerdedel av det totale straumbehovet i landet innan 2020. Doggerbank-prosjektet kjem til å ha ein kapasitet på mellom 9 GW og 13 GW. Den samlede satsingen på offshore vindparker har et potensiale på 700 milliarder kroner i investeringer og opp til 70.000 nye arbeidsplasser innen 2020. 

- Norske selskap har kompetanse som kan medverke til å oppfylle Storbritannias ambisjonar. I tillegg til kompetansen til selskapa som er involverte, har fleire andre selskap i Noreg kompetanse og erfaring innanfor offshore operasjonar, sa Giske og synte til at kompetansen frå reiarlag, skipsbyggjarar, offshore-verft, ulike teknologibedrifter, produsentar av metall og komposittmateriale og forskingsinstitusjonar med hell kan overførast til offshore vindprosjekt.

Nærings- og handelsministeren hadde tidlegare på dagen møte med Pat McFadden, Minister for Business, Innovation and Skills for å snakke om norsk-britisk næringssamarbeid og satsing på miljøteknologi.