Svein Aaser er vald som ny styreleiar i Statkraft, mens Inge Ryan og Silvija Seres blir nye styremedlemer i selskapet. Alle blei vald for ein periode på 2 år i føretaksmøte i ettermiddag.

Samtidig gjekk Arvid Grundekjøn, Bertil Tiusanen og Hilde Tonne ut av styret.

– Grundekjøn har leia styret gjennom seks år i ein periode der selskapet har hatt god vokster og ikkje minst ein solid framgong internasjonalt. I eit selskap av Statkrafts storleik og samfunnspolitiske verdi er det ønskeleg at det med jamne mellomrom blir gjort endringar for å bringe ny kompetanse og nye perspektiv inn i styret sitt arbeid, seier nærings- og handelsminister Trond Giske.

– Endringane som er gjort i styret sikrar ei framleis solid og brei erfaring og ein god balanse mellom ulike perspektiv som er viktig å ha i styret for Statkraft. Eg ser fram til å forsetje ein god dialog med styret om utviklinga av Statkrafts verksemd framover, seier Giske.

På dagens føretaksmøte blei nestleiar Ellen Stensrud, Berit Rødseth og Halvor Stenstadvold attvald for ein periode på 2 år.

Om dei nye medlemene av styret i Statkraft:
* Svein Aaser, styreleiar for Ski-VM 2011 og for Nasjonalmuseet. Har tidlegare mellom anna vore konsernsjef i DNB NOR.
* Silvija Seres, leiande stillingar i Fast og Microsoft, og har erfaring frå fleire styre. Sit også som rådsmedlem i Teknologirådet. Doktorgrad frå Oxford.
* Inge Ryan, fylkesmann Nord-Trøndelag, tidlegare mellom anna stortings- og fylkestingspolitikar, samt ordførar.