Undertegning v/Mr. Seiichi Ohkuchi og Rikke Lind.
Undertegning v/Mr. Seiichi Ohkuchi og Rikke Lind. (Foto: Anne Cecilie Lund/NHD)

Norske og japanske myndigheter inngjekk i dag en samarbeidsavtale om maritim teknologi og industriutvikling.

Statssekretær Rikke Lind og Mr. Seiichi Ohkuchi, viseminister for International Affairs signerte Memorandumet i samband med åpning av Norshipping og Maritime Summit på Lillestrøm i dag. 

Seiichi Ohkuchi- Samarbeidsavtalen inneber eit tettare samarbeid mellom Noreg og Japan på viktige område som LNG, offshore vind, resirkulering av skip og miljøvennleg teknologi, seier statssekretær Lind.

Ho håper at avtalen kan føre til eit nærare samarbeid mellom norske og japanske selskap i tida framover.

Næringslivstoppar frå norsk og japansk side vil vere tilstades på ein rundebordskonferanse den 25. mai på Hotel Continental der inngåinga av memorandumet vil bli markert, og LNG, offshroe vind og resirkulering av skip vil bli diskutert. Blant deltakarane er representantar frå DNV, Wilhelm Wilhelmsen, Griegh Shipping as, Statoil ASA, Rederiforbundet og MARINTEK. Frå japansk side deltek Kawasaki Heanry Industries, Japan marine Science INC og National Maritime Research Institute (NMRI).

- Japan er ein viktig marknad for norsk maritim industri. Norske bedrifter kan tilby tenester som kompletterer dei maritime japanske næringane, seier Lind.