Historisk arkiv

Ser fram mot 2020

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Nærings- og handelsminister Trond Giske la mandag 13. februar fram publikasjonen ”Norge 2020, Hva skal vi leve av i framtida”? Lanseringa skjedde i samband med det avsluttande møtet i statsråden sitt Noreg 2020-prosjekt.

Norge 2020

Norge 2020 (NHD)



Nærings- og handelsminister Trond Giske la mandag 13. februar fram publikasjonen ”Norge 2020, Hva skal vi leve av i framtida”? Lanseringa skjedde i samband med det avsluttande møtet i statsråden sitt Noreg 2020-prosjekt.

- Vi må utvikle eit sterkt og konkurransedyktig norsk næringsliv heile tida. Vi kan ikkje leve av å vere “det rikaste landet i verda”. Sjølv om raske endringar gjer det vanskeleg å svare på spørsmålet om kva vi skal leve av i framtida, er det heilt nødvendig å få flest mogeleg med i debatten om svaret, sa næringsminister Trond Giske.

Statsråden tok på byrjinga av 2010 initiativ til Prosjekt Noreg 2020. To arbeidsgrupper blei etablert, ei med yngre leiarar frå næringslivet og ei med yngre tillitsvalde. Dei har delt erfaringar om trendar og utviklingstrekk som påverkar norsk verdiskaping framover. Statsråden tek innspela med seg i sitt vidare arbeid med saka i regjeringa.

Ser framover

På det avsluttande møtet er deltakarane frå begge grupper samla for å presentere publikasjonen. Han er meint å hjelpe til med å reise ein debatt om kva Noreg kan leve av i framtida. Medlemene har ulik bakgrunn, er frå ulike bransjar og bedrifter og frå alle landsdelar. Tema som har vore diskutert er mellom anna innovasjon, internasjonalisering, teknologi, miljø og den norske modellen.

 - Medlemene har sjølv styrt arbeidet i gruppene. Saman har vi prøvd å løfte blikket og drøfte dei lange linene i økonomi og næringsliv. Målet har vore å utveksle kunnskap og erfaringar og å sette dei overordna spørsmåla på dagsorden, slik som: Kvar kjem etterspørselsveksten i framtida? Kva teknologiar og løysingar må utviklast? På kva område har Noreg særskilte føresetnader for å lykkast?

Deler erfaringar

2020-prosjektet munnar ut i en publikasjon som samlar innspel og erfaringar som gruppene har komme med undervegs, delt inn i seks hovudtema. Statsråden understrekar at han er svært nøgd med prosjektet.

- Debatten om verdiskaping i framtida handlar om kommande generasjonar sine utsikter til å leve gode liv. Målet er at barna våre skal arve eit samfunn som er enda betre enn det vi fekk i arv. Ambisjonen er ikkje å gi alle svara, men å gi eit bidrag til debatten om kva vi skal leve av i framtida. Eg håpar det vil gi inspirasjon til at enda fleire deltek i framtidsdebatten, sa Giske.

Last ned rapporten:

Bakgrunn om prosjektet

  • Gruppene har gjennomført fem og fire heldagsmøter i løpet av 2010 og 2011. Eit til tre tema er dekt på kvart møte. Gruppene har sjølv definerte kva tema dei skulle diskutere.
  • Planlegging av det faglege innhaldet har rullert mellom gruppemedlemmene.
  • Eksterne innleiarar har mellom anna inkludert forskarar, bedriftsleiarar og personar frå interesseorganisasjonar. Eksempel: Roger Bjørnstad (SSB), John G. Bernander (NHO), Olav Volldal (Kongsberg Automotive) og Marius Holm (Bellona).
  • Publikasjonen består av intervjuar med medlemmene om ulike tema, mellom anna Noreg i verden, innovasjon og forsking, kompetanse og utdanning, klima og miljø, den norske modellen samt eigarskap og leiing.

Deltakarar i 2020-prosjektet

Gruppa av yngre leiarar:

Trond Giske, nærings- og handelsminister
Per Benjaminsen, ProBio ASA
Christian Berg, Hafslund ASA
Line Ellingsen, Ellingsen Seafood AS
Leila Hafzi, Nepal Productions AS
Øyvind Hamre, Ragasco AS
Kjersti Kleven, Kleven Maritime AS
Rebecca Mahboubi, The American Bagel Company AS
Steinar J. Olsen, Stormberg AS
Ole Robert Reitan, Reitangruppen AS
Tine N. Rørvik, Norner AS
Zahid Saddiq, Star Autoco AS
Olav H. Selvaag, Selvaag Gruppen AS
Øystein R. Skiri, Boost Communications AS
Gry Cecilie Sydhagen, Metizoft AS
Yvonne *Torgersen, Magnus M. Thunestvedt AS
Anne R. Varden, Quality Spa & Resort Norefjell
Stein Marius Varner, Varner-Grubben AS
Thomas Wilhelmsen, Wilh. Wilhelmsen ASA
Jon S. von Tetzchner, Opera Software ASA

Tillitsvaldgruppa:

Trond Giske, nærings- og handelsminister
Frode Alfheim, Industri Energi
Rune Alne, Fellesforbundet
Inger Elise Ekornås, NITO
Anette Eriksen, EL & IT Forbundet
Bjørn Fornes, EL & IT Forbundet
Hans Christian Gabrielsen, Fellesforbundet
Hilde Herland, Tekna
Elisabeth Jørgensen, Fellesforbundet
Anders Langerød, Industri Energi
Lise Myrvold, Norsk Arbeidsmandsforbund
Monica Paulsen, Negotia, YS
Rune Rafdal, Fellesforbundet
Mirja Sandelin, Handel og kontor
Trond Smaavik, NITO
Mette T. Solnørdal, Akademikerne
Kristian Tangen, LO
Per Filip Tjeransen, Tekna
Roger Vangen, Norsk Nærings- og Nydelsesmiddelarbeiderforbund
Erik Warberg, Norges Juristforbund
Roar Aas, Fellesforbundet
  

Offentlege institusjonar kan bestille papirutgåva på www.publikasjoner.dep.no eller publikasjonsbestilling@dss.dep.no.