Ny struktur vil verte tufta på det beste av det eksisterande – Fjord-Noreg er i gang!
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet
Pressemelding | Dato: 05.04.2013
Som ein del av prosjektet for restrukturering av reisemålsselskapa i Noreg, eit av dei største tiltaka i regjeringa sin reiselivsstrategi ”Destinasjon Noreg”, er det satt ned prosjektgrupper i dei seks tiltenkte landsdelane i Noreg. Desse regionale prosjektgruppene skal leie arbeidet med å etablere dei einskilde landsdelsselskap og tilhøyrande destinasjonsselskap.
Som ein del av prosjektet for restrukturering av reisemålsselskapa i Noreg, eit av dei største tiltaka i regjeringa sin reiselivsstrategi ”Destinasjon Noreg”, er det satt ned prosjektgrupper i dei seks tiltenkte landsdelane i Noreg. Desse regionale prosjektgruppene skal leie arbeidet med å etablere dei einskilde landsdelsselskap og tilhøyrande destinasjonsselskap.
Prosjektgruppa i Fjord-Noreg hadde sitt fyrste møte i Bergen 27.2.2013. Prosjektgruppa sine deltakarar er på plass, mandatet er formidla og drøftingane rundt rolledeling og arbeidsoppgåver for dei ulike aktørane i ny struktur er i gong. I gruppa sitt oppstartmøte var det høgt under taket og stort engasjement for prosessen som er satt i gang. Gruppa, som er breitt sett saman av store og små næringsaktørar samt offentlege aktørar, er innstilt på å drive prosessen på vegne av, og i samarbeid med, heile reiselivsnæringa i Fjord-Noreg-regionen. Gruppa var allereie samstemte på eit punkt: Ny struktur vil verte tufta på det beste av det eksisterande.
Oppstartmøtet lover bra for vidare prosess med å jobbe fram ein slagkraftig forretningsplan for den nye strukturen. Prosjektgruppa skal ha seks møter i løpet av 2013, alternerande mellom Stavanger, Ålesund og Bergen.
Prosjektgruppe Fjord-Noreg:
Offentleg sektor:
Jan Heggheim, Regiondirektør Næring Sogn og Fjordane fylkeskommune
Olav Grov , Næringssjef Luster kommune
Martha Rognved Dixon, Hordaland fylkeskommune
Reiseliv, destinasjonsselskap:
Roar Haarsvik, Destinasjon Kristiansund og Nordmøre
Kristian Jørgensen, Fjord Norge
Ole Warberg, Bergen Reiseliv
Ståle Brandhaug, Stavanger reiseliv
Anne Grethe Bakke, Visit Voss
Tore Gautesen, Destinasjon Haugesund og Haugalandet
Næring:
Monja Mjelva, Union Hotell Geiranger
Lorentz Hjelle, Hjelle Hotell Stryn
Barbara Utne, Ullensvang Hotell Hardanger
Oddvar Brakestad, Hardanger Naturpark
Odd Erik Salvesen, Haugesund Lufthavn, Go-to GoReisebyrå
Fredrik Utheim, Rica Hotels
Terje Devold, 62grader Nord
Per Paulsen, Radisson Rezidor Hotels, Hotel Norge
Stein Ove Rolland, Innovasjon Norge
Nina Broch-Mathisen, Innovasjon Norge
Eigil Rian, Nærings- og handelsdepartementet
Dag Holler , Nærings- og handelsdepartementet
Lasse Billington, Nærings- og handelsdepartementet