Ny struktur vil verte tufta på det beste av det eksisterande – nå er også Aust-Noreg i gang!
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet
Pressemelding | Dato: 05.04.2013
Som ein del av prosjektet for restrukturering av reisemålsselskapa i Noreg, eit av dei største tiltaka i regjeringa sin reiselivsstrategi ”Destinasjon Noreg”, er det satt ned prosjektgrupper i dei seks tiltenkte landsdelane i Noreg.
Som ein del av prosjektet for restrukturering av reisemålsselskapa i Noreg, eit av dei største tiltaka i regjeringa sin reiselivsstrategi ”Destinasjon Noreg”, er det satt ned prosjektgrupper i dei seks tiltenkte landsdelane i Noreg. Desse regionale prosjektgruppene skal leie arbeidet med å etablere dei einskilde landsdelsselskap og tilhøyrande destinasjonsselskap.
Som siste gruppa i gang, gjennomførte prosjektgruppa i Aust-Noreg sitt fyrste møte 21.3.2013. Prosjektgruppa sine deltakarar er på plass, mandatet er formidla og drøftingane rundt rolledeling og arbeidsoppgåver for dei ulike aktørane i ny struktur er i gong. I gruppa sitt oppstartmøte var det høgt under taket og stort engasjement for prosessen som er satt i gang. Gruppa, som er breitt sett saman av store og små næringsaktørar samt offentlege aktørar, er innstilt på å drive prosessen på vegne av, og i samarbeid med, heile reiselivsnæringa i Aust-Noreg-regionen. Gruppa var allereie samstemte på eit punkt: Ny struktur vil verte tufta på det beste av det eksisterande.
Oppstartmøtet lover bra for vidare prosess med å jobbe fram ein slagkraftig forretningsplan for den nye strukturen. Prosjektgruppa skal ha fem møter i løpet av 2013.
Prosjektgruppe Aust-Noreg:
Offentleg sektor:
Bente Bjerknes, Buskerud fylkeskommune
Trine Mo Stokstad, Østfold fylkeskommune
Liv Wilson, Hedmark fylkeskommune
Hallstein Bjercke, Byråd Oslo, Kultur og Næring
Reiseliv, destinasjonsselskap:
Tor Sannerud, Visit Oslo
Knut Aandal, Akershus Reiselivsråd
Maya Nielsen , Visit Fredrikstad
Morten Mo, Hadeland og Ringerike
Tor Rullestad, Hamarregionen reiseliv
Næring:
Tarje Hellebust, Rezidor Radisson Hotels
Gjøran Sæther, Fursetgruppen
Torgeir Silseth, Choice Hotels
Espen Ettre, Oslo Lufthavn
Bjørn Håvard Solli, Tusenfryd
Hans Christian Wilson, Høyt og Lavt
Bjørn O Waage , Magnor Glassverk
Bjørn Krag Ingul, Innovasjon Norge
Torill Mølmen, Innovasjon Norge
Eigil Rian, Nærings- og handelsdepartementet
Dag Holler, Nærings- og handelsdepartementet
Lasse Billington, Nærings- og handelsdepartementet