Dei europeiske romministrane er samde om fortsatt satsing på klimaforskning frå verdsrommet, satellittnavigasjon og jordovervakning. – Dette vil gje oss ei betre forståing av klimaendringane og vil også kunne bidra i handteringa av naturkatastrofer, seier statssekretær Øyvind Slåke som deltok på møtet i Fransk Guyana.

EU og Europas romorganisasjon ESA, kor Noreg er medlem, utviklar nå mellom anna jordobservasjonsprogrammet GMES.

– Verdsrommet er ein ressurs for å studere klimaendringar på jorda, og det er viktig for Noreg at EU-landa også satsar på dette, seier Slåke.

Frankrike har valt å prioritere rom høgt under formannskapsperioden sin i EU, og tok initiativ til å samle dei europeiske romfartsministrane 21.-22. juli. Rakettoppskytingsbasen i Kourou i Fransk Guyana er Europas port til rommet. Basen nyttast av Arianespace, som saman med ESA har utvikla bæreraketten Ariane 5. Denne raketten har gjeve Europa ein verdsleiande posisjon for kommersielle oppskytingar.

Ministrane vart samde om at Europa må klargjere ambisjonsnivået for romverksemda. Dei meiner det også er nødvendig med ein langsiktig plan for rompolitikken om Europa skal vere konkurransedyktig samanlikna med dei andre store aktørane som USA, Kina og Japan.

Slåke understreker at den europeiske satsinga i verdsrommet også er viktig for norske bedrifter fordi det fører til investeringar i innovasjonsevne og teknologiutvikling i industrien.

– Norsk romindustri er konkurransedyktig i den globale marknaden, og har høgteknologiske leveransar til både ESA og NASA, og til store prosjekt som satellittnavigasjonssystemet Galileo. Dette er med på å gje norske bedrifter auka kompetanse og styrkjer deira posisjon internasjonalt, seier Slåke.

Ministrane diskuterte også om Europa skal satse på ei bemanna romferd. Det er eit så krevjande og kostbart prosjekt at det truleg vil vere behov for samarbeid på global basis for å gjennomføre dette. For Noreg er samfunnsnytta av romverksemda viktigast, og primære satsingsområde er satellittkommunikasjon, navigasjon og jordobservasjon.

Prioriteringane i den europeiske romverksemda vil stå sentralt når Europas romfartsministrar møtast til Space Council i september og på ministermøtet i ESA i november. Fram til da må Noreg ta stilling til vår eiga satsing på romverksemd og nivået på deltakinga i ESAs nye program.

– Noreg er eit av dei land som har størst nytte av rommet, ikkje minst i forvaltninga av dei store havområda våre. Romverksemda er ei viktig brikke i satsinga vår på nordområda, seier Slåke.