Historisk arkiv

Styrkjing av styresmaktene sitt apparat i samband med samanslåinga av Statoil og Hydro

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Med samanslåinga av Statoil og Hydro si petroleumsverksemd vil styresmaktene ha særleg merksemd retta mot mangfald og konkurranse mellom selskapa. Regjeringa føreslår difor å auke løyvingane til Olje- og energidepartementet, Oljedirektoratet og Petoro AS med til saman om lag 50 millionar kroner i 2008.

- Samanslåinga vil gje verknader for forvaltinga og oppfølgjinga av norske olje- og gassressursar. Dette gjer det naudsynt å styrkje styresmaktene sitt apparat i forhold til verksemda på norsk sokkel, seier olje- og energiminister Åslaug Haga.

Hydro og Statoil har i mange samanhengar utfordra kvarandre i sentrale prosjekt, og fram til no har forvaltingsstyresmaktene hatt stor nytte av konkurrerande innspel frå Statoil og Hydro. Saman med innspel frå andre selskap på sokkelen har dette gjeve verdifull informasjon om heilskapen på sokkelen. Dette har óg redusert problemstillingar knytt til asymmetrisk informasjon, mellom anna ved at styresmaktene kan samanhalde innspel frå ulike konkurrerande selskap. Til saman har dette gjeve eit godt grunnlag for å treffe avgjerder.

Det er venta at styresmaktapparatet i framtida i større grad sjølv må framskaffe alternative vurderingar. Auken i løyvingane med 50 millionar skal styrkje moglegheitene for å drive ei effektiv ressursforvalting og ivaretaking av statlege eigedelar.