Oppfølging av arbeidsgrupper om fisk og seismikk
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Nr: 61/08 | Dato: 15.05.2008
Oljedirektoratet og Fiskeridirektoratet la 1. april i år fram ein rapport med forslag til tiltak for å betre sameksistensen mellom fiskeri- og seismikkaktiviteten på norsk sokkel.
Oljedirektoratet og Fiskeridirektoratet la 1. april i år fram ein rapport med forslag til tiltak for å betre sameksistensen mellom fiskeri- og seismikkaktiviteten på norsk sokkel. Mellom anna vert det gjort framlegg om styrka oppfølging av seismikkinnsamlingar frå styresmaktene, tiltak for å gjere det enklare for fiskarar å finne ut i kva område og kor lenge seismiske undersøkingar skal gå føre seg, og kursing av dei fiskerikyndige som er om bord i seismikkfartøya.
Styresmaktene arbeider nå med å følgje opp desse tiltaka, og regjeringa har i revidert budsjett 2008 gjort framlegg om å løyve 2 millionar kroner til Oljedirektoratet for å styrke deira oppfølging av seismiske innsamlingar på sokkelen.
Ei arbeidsgruppe leia av Olje- og energidepartementet og med deltaking frå Fiskeri- og kystdepartementet, Noregs Fiskarlag, Noregs Kystfiskarlag, Fiskeridirektoratet og Oljedirektoratet, la også fram sin rapport 1. april. Denne tok føre seg korleis fiskarar som vert påverka av Oljedirektoratet si seismikkinnsamling utanfor Nordland VII og Troms II i 2008 og 2009 skal få dekka eit eventuelt økonomisk tap.
Arbeidsgruppa foreslo fleire tiltak for å gjere den eksisterande erstatningsordninga for beslaglegging av fiskefelt meir tilgjengeleg, med betre informasjon om ordninga, utarbeiding av skjema for fremjing av krav, og kortare sakshandsamingstid. Desse tiltaka vert no følgt opp, og departementet vil framover vurdere korleis erstatningsordninga best kan fungere.
- Eg er oppteken av at alle deler av petroleumsverksemda skal utføres på ein skånsam måte i forhold til fiskeri- og havbruksinteresser. Rapportane gir fleire konkrete forslag til å vidareføre og betre sameksistensen mellom fiskerinæringa og petroleumsnæringa på norsk sokkel. Regjeringa legg stor vekt på at anbefalingane frå arbeidsgruppene raskt vert følgt opp på ein god måte, seier olje- og energiminister Åslaug Haga.