Regjeringa har i dag godkjent utbygging av oljefeltet Morvin. Feltet ligg i Norskehavet, nord for Kristinfeltet og nordvest for Åsgardfeltet. Morvin er eit felt med høgt trykk og høg temperatur. Feltet skal byggjast ut med to brønnrammer på havbotnen og knyttast opp mot Åsgard B. StatoilHydro ASA (64 %) er operatør for Morvin. Dei andre rettshavarane er Eni Norge AS (30 %) og Total E&P Norge AS (6 %). Morvin er den første planen for utbygging frå det samanslåtte selskapet StatoilHydro som vert godkjend.

Morvin nyttar eksisterande infrastruktur og aukar produksjonen i halefasen på Åsgard B. Dette gir gode miljøløysingar, betre utnytting av dei eksisterande innretningane og legg grunnlag for framtidig aktivitet i Åsgard-området.

-Morvin er eit godt døme på felt som betrar utnyttinga av dei eksisterande innretningane og legg grunnlag for framtidig aktivitet i Åsgard-området, seier olje- og energiminister Åslaug Haga. Det er også gledeleg å sjå at teknologien som vart utvikla for Kristinfeltet kjem til nytte på andre felt på sokkelen med høgt trykk og høg temperatur, og at vi betrar evna vår til å byggje ut stadig meir krevjande felt, seier olje- og energiministeren.

Investeringane i Morvin er rekna til 8,7 milliardar kroner og det er venta at feltet vil produsere 7,9 mill. Sm3 olje og 3,1 mrd. Sm3 assosiert gass. Feltet er planlagt sett i produksjon i 2010.