Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: Regjeringskonferanse på statsministerens kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00. Det kan bli endringar i programmet.
Tysdag 17. november
Det internasjonale energibyrået (IEA) lanserer sin årlege rapport ”World Energy Outlook” i Noreg. Rapporten tar for seg energisituasjonen i verda og korleis ein kan hindre ytterlegare global oppvarming.
Klokka 08.00 har statsråden eit frukostmøte med konsernsjef Helge Lund i Statoil og Fatih Birol frå IEA om rapporten.
Klokka 09.00 skal olje- og energiministeren halde opningsinnlegget på den norske lanseringa av rapporten. Lanseringa skjer under Statoil sin haustkonferanse på Det Norske Teatret i Kristian IVs gate 8 i Oslo.
Klokka 11.00 deltek statssekretær Robin Kåss i paneldebatt med mellom anna leiar for ny energi Alexandra Bech Gjørv i Statoil og dagleg leiar Einar Håndlykken i Zero om virkemiddel for å bremse klimaendringane.
Rapporten kan lesast på IEAs heimesider.
Riis-Johansen vil vere tilgjengelig for pressa i samband med lanseringa. Pressekontakt for statsråden er kommunikasjonsrådgjevar Unni Claussen, telefon 91 51 73 57.
Onsdag 18.november
Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen opnar Drakas nye fabrikk for produksjon av sjøkablar i Drammen. Opninga finn stades klokka 09.30 i Drakas hovudkontor, som ligg i Kjeraten 16.
Torsdag 19.november
Klokka 10.00 møter olje- og energiminister Terje Riis-Johansen representantar frå Nord-norsk næringsliv og folkevalde.