Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: Regjeringskonferanse på statsministerens kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00. Det kan bli endringar i programmet.
Måndag 30. november
Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen markerer oppstart av arbeidet med ny stortingsmelding om petroleumsverksemda i Stavanger.
Markeringa skjer klokka 11.10 på verftet Bergen Group Rosenberg, som ligg i Stavanger.
Frå klokka 12.30 er det regionalt samråd knytt til stortingsmeldinga på Norsk Oljemuseum i Stavanger. Her ønskjer statsråden å få innspel frå petroleumsnæringa, organisasjonar og sentrale regionale aktørar til arbeidet med den komande stortingsmeldinga om petroleumsverksemda.
Dette er det første av fleire samråd statsråden vil halde rundt om i landet i samband med arbeidet med stortingsmeldinga.
Pressa er invitert til å delta på alle arrangement i Stavanger. For meir informasjon om statsrådens besøk i Stavanger, kontakt kommunikasjonsrådgjevar Håvard Hegna, mobiltelefon 90 94 34 44.
Tysdag 1. desember
Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen møter i Stortinget frå klokka 10.00 i samband med interpellasjon om situasjonen i oljeleverandørindustrien.
Klokka 14.30 møter olje- og energiminister Terje Riis-Johansen ulike bransjeorganisasjonar. Temaet for dette møtet vil særleg vere norsk kraftbransje og internasjonalisering.
SN Power, Rainpower, Norconsult, TrønderEnergi, BKK, NordPool Consulting og INTPOW er invitert til møtet.
Torsdag 3. desember
Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen besøker frå klokka 10.00 ulike verksemder i Kristiansund knytt til leverandørindustrien for oljenæringa.
Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen deltek frå klokka 12.40 på Desemberkonferansen i Kristiansund. Klokka 13.10 held han innlegg om dei framtidige rammevilkåra for petroleumsverksemda på norsk sokkel.
Klokka 16.15 inviterer olje- og energiminister Terje Riis-Johansen til samråd med petroleumsnæringa, organisasjonar og sentrale regionale aktørar til arbeidet med den komande stortingsmeldinga om petroleumsverksemda. Samrådet finn sted på Petrosenteret i Kristiansund. Pressa er invitert til samrådet.
For meir informasjon om statsrådens besøk i Kristiansund, kontakt kommunikasjonsrådgjevar Håvard Hegna, mobiltelefon 90 94 34 44.