CO2-handtering på Mongstad
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Dato: 15.05.2012
Noreg arbeidar med to banebrytande CO2-handteringsprosjekt – eit teknologisenter og eit fullskalaprosjekt, begge på Mongstad. Teknologisenteret på Mongstad (TCM) er ferdigbygd og vart offisielt opna i førre veke.
RNB 2012
Noreg arbeidar med to banebrytande CO2-handteringsprosjekt – eit teknologisenter og eit fullskalaprosjekt, begge på Mongstad. Teknologisenteret på Mongstad (TCM) er ferdigbygd og vart offisielt opna i førre veke.
I Revidert Nasjonalbudsjett vert det presentert eit oppdatert kostnadsestimat for TCM. Det siste kostnadsestimatet for TCM er på 5 859 millionar kroner (eks. mva). Dette er ei auke på 85 millionar kroner samanlikna med førre estimat. Hovuddelen av dette er knytta til Alstom sitt anlegg. Statens del av totalkostnadene er no på om lag 4 401 millionar kroner (eks. mva).
Ved investeringstidspunktet vart det utarbeidd eit såkalla P70-estimat. P70-estimatet er utrekna slik at det skal vere 70 prosent sannsyn for at ein held seg innanfor estimatet. Dette var på 5 918 millionar kroner på investeringstidspunktet. Det siste totalestimatet ligg difor innanfor P70-anslaget.
Gassnova skal vidareføre arbeidet med ein strategi for korleis verksemda på TCM skal bli lagt opp etter at Aker og Alstom har avslutta sine testperiodar. I Revidert Nasjonalbudsjett foreslår Regjeringa difor å auke løyvingane til eigaroppfølgjing av TCM med fire millionar kroner til 14 millionar kroner.
TCM er det største og mest fleksible anlegget av sitt slag for uttesting av CO2-fangst. Teknologisenteret skal teste to ulike typar teknologiar som er relevant både for utslepp frå kolkraft- og gasskraftverk. Teknologiane som skal testast ut i første fase er basert på kjølt ammoniakk og amin. Det er selskapa Alstom (kjølt ammoniakk) og Aker Solutions (amin) som skal stå for uttestinga. TCM er bygd for å kunne fange inntil 100 000 tonn CO2 per år. Senteret er eigd av Gassnova (som forvaltar statens interesser) (75,12 prosent), Statoil (20 prosent), Shell (2,44 prosent) og sørafrikanske Sasol (2,44 prosent).
Arbeidet med fullskalaprosjektet følgjer Steg 2-Utviklingsavtalen mellom staten og Statoil som trådde i kraft etter at ESA, i vedtak 15. mars 2012, fann at avtalen er i samsvar med statsstøtteregelverket.