Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: Regjeringskonferanse på statsministerens kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00. Det kan bli endringar i programmet.

              
Tysdag 29. mai
Frå klokka 09.00 deltek Olje- og energiminister Ola Borten Moe på Orkanger konferansen, og held innlegg om olje og gass som ein næring for framtida.


Torsdag 31.mai
Klokka 09.00 møter olje- og energiminister Ola Borten Moe representantar frå Sametinget. Møte finn stad i Sametinget i Karasjok. Tema for møtet er mellom anna kraftlina Ofoten-Balsfjord-Hammerfest.

Klokka 17.00 deltek olje- og energiminister Ola Borten Moe på eit arrangement i samband med Zeros Nord-Norge konferanse i Tromsø. Arrangementet finn stad på Rismålshaugen skihytte utanfor Tromsø. Statsråden held innlegg om klimavisjonane for nord-områdene, og klokka 18.00 vert det ein samtale mellom statsråden og leder av Zero Einar Håndlykken. Tone Lein er ordstyrar.

Båe arrangement er opne for pressa. For meir informasjon ta kontakt med kommunikasjonsrådgjevar Jon Evang tlf. 93401382.


Fredag 1.juni
Olje- og energiminister Ola Borten Moe besøker Finnfjord smelteverk i Troms. Arrangementet startar klokka 08.30. Klokka 10.00 markerer statsråden at dampproduksjonen til gjenvinningsanlegget startar opp.

Frå klokka 11.00 innleier statsråden på eit lunsjmøte med representantar frå næringslivet i regionen. Tema for innleiinga er ”Petroleumsverksemda gir moglegheiter i nord”.

Båe arrangement er opne for pressa. For meir informasjon ta kontakt med kommunikasjonsrådgjevar Jon Evang tlf. 93401382.