Historisk arkiv

Utdrag frå olje- og energiminister Tord Lien sin kalender for veke 39

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: Regjeringskonferanse på statsministerens kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00. Det kan bli endringar i programmet.

Tysdag 23. september

Olje- og energiminister Tord Lien held innlegg på NVEs beredskapskonferanse i Svolvær. Seinare på dagen skal statsråden delta på ein synfaring av Kanstadlinja og sjå nærare på rassikringsarbeid på Laupstad saman med representantar frå NVE og Lofotkraft.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Håkon Smith-Isaksen, tlf 906 83 887.

Torsdag 25. september

Olje- og energiminister Tord Lien er saman med visepresident i Europakommisjonen Gunther Oettinger hovudtalar under energikonferansen i Brussel. Konferansen vil ta for seg tema knytte til utviklinga av dei europeiske kraft- og gassmarknadene og energiforsyningstryggleik.

Les meir om konferansen her.

Pressekontakt er politisk rådgjevar Elnar Holmen, tlf 995 14 321.