CO2-håndtering

Regjeringa satsar breidt for å utvikle ein teknologi for fangst og lagring av CO2 og har vedteke å utarbeide ein strategi for arbeidet med CO2-håndtering.

tema gasskraft

Menneskeskapte klimaendringar er ei av dei største utfordringane vi har. Kraftproduksjon og anna bruk av fossil energi er den største kjelda til utslepp av klimagassar. Det internasjonale energibyrået (IEA) anslår i World Energy Outlook 2013 at energietterspørselen i verda vil auke med ein tredel fram til 2035 og at fossilt brensel i 2035 vil dekke 76 pst. av det globale energibehovet.

Både IEA og FNs klimapanel viser til at fangst og lagring av CO2 vil vere naudsynt for å kunne nå den internasjonalt vedtekne ambisjonen om å begrense den globale temperaturauken til to grader celsius. Samtidig er CO2-handtering utfordrande både med tanke på å utvikle teknologien vidare, redusere risiko og kostnader og å finne gode prosjektmodellar. Teknologien kostar mykje og det er få storskalaanlegg under bygging eller planlegging i verda i dag.

Statsforetaket Gassnova er oppretta som rådgjevar for myndigheitene i spørsmål om CO2-handtering. Gassnova representerer statens eigarinteresser i Teknologisenter Mongstad og administrerer forsknings- og demonstrasjonsprogrammet CLIMIT saman med Noregs forskingsråd.

Regjeringa sin strategi for CO2-handtering

Hovedmålet med regjeringa sin strategi for CO2-handtering er å identifisere tiltak som kan bidra til teknologiutvikling og kostnadsreduksjonar. Det inkluderer regjeringa sin ambisjon om å få på plass minst eitt fullskalaanlegg for fangst og lagring av CO2 innan 2020.

Fullskala CO2-handtering

Regjeringa har ein ambisjon om å realisere minst eitt fullskala anlegg for fangst og lagring av CO2 innan 2020. Teknologiutvikling vil stå sentralt i arbeidet med fullskala anlegg.

Illustrasjon: Statoil ASA

Fangst, transport og lagring av CO2

Fossil kraftproduksjon og kraftkrevjande industri er forbundne med store utslepp av CO2. Fangst av CO2 og lagring i geologiske formasjonar peiker seg ut som eit viktig mogleg tiltak for å redusere globale klimagassutslepp.

CLIMIT og Forskningssenter for miljøvenleg energi (FME)

CLIMIT er eit nasjonalt program for forsking, utvikling og demonstrasjon av teknologiar for fangst, transport og lagring av CO2 frå fossilt basert kraftproduksjon og industri.

Olje- og energidepartementet