Staten og Statoil signerte tysdag 5. april 2011 ein avtale (Steg 2 Utviklingsavtalen), som skal regulere staten og Statoil sine rettar og plikter i planleggingsfasen for fullskala CO2-handtering på Mongstad.

Olje- og energiminister Ola Borten Moe orienterte Stortinget om avtalen i samband med handsaminga av Stortingsmelding nr. 9 (2010-2011) om fullskala CO2-håndtering tysdag 15. april 2011.

Gjennomføringsavtalen mellom staten og Statoil frå 2006 og Miljøverndepartementet sitt utsleppsløyve frå 2006 med tilhøyrande endringar dannar utgangspunktet for planlegging, bygging og drift av eit fullskala-anlegg for CO2-handtering på Mongstad. Avtalen som no er inngått vil danne grunnlaget for notifikasjon til ESA og vil tre i kraft ved ESA si godkjenning.

Det følgjer av Gjennomføringsavtalen at avtaleverket skal bli utdjupa og konkretisert. Dette vil bli gjort gjennom to avtalar. Denne første avtalen regulerer planleggingsfasen fram til eit investeringsgrunnlag er ferdigstilt. Arbeidet med å få på plass ein avtale er også omtalt i Meld. St. 9 (2010-2011) Fullskala CO2-håndtering.

Staten og Statoil har ei felles målsetjing om å inngå den neste avtalen som skal regulere utbyggings- og driftsfasen, den såkalla Steg 2 Utbyggings- og driftsavtalen, innan utgongen av 2013.

Hovudmoment i avtalen for planleggingsarbeidet
Avtalen regulerer staten og Statoil sine rettar og plikter gjennom planleggingsarbeidet. Tidsplan og milepælar er også definert i avtalen. Den første fasen, som er anslått til å ta om lag tre år, vil vere teknologikvalifisering og teknologival. Deretter følgjer prosjekteringsarbeidet som er anslått til å ta omtrent to år.

Det skal bli oppretta ein styringskomité som skal vere øvste organ for samarbeidet under avtalen. Gassnova, på vegne av staten, og Statoil skal vere representert. Komiteen skal utøve styring og kontroll av prosjektet i tråd med intensjonane i Steg 2 Utviklingsavtalen og Gjennomføringsavtalen. Komiteen skal fatte vedtak einstemmig. Komiteen skal handsame og avgjere saker om teknologival, konseptval, årleg arbeidsprogram, årleg budsjett, overordna innkjøps- og kontraktstrategiar, kva leverandørar som skal delta i teknologikvalifiseringa, og andre saker som representantane til Gassnova eller Statoil krev handsama.

Statoil, som prosjektgjennomførar, skal stå for den daglege leiinga av prosjektet. Selskapet er forplikta til å sørgje for ein prosjektorganisasjon med tilstrekkeleg kompetanse og kapasitet. Statoil skal utføre arbeidet etter selskapet sine etablerte rutinar og prosedyrar for sikker og rasjonell gjennomføring av prosjekt og i samsvar med styringskomiteen sine avgjerder. Statoil skal organisere og utføre arbeidet slik at staten sine midlar blir brukt forsvarleg, formålseffektivt og kostnadseffektivt.. Statoil skal sørgje for eit system for kvalitetssikring og prosjektkontroll i tråd med sin gjeldande praksis for store og kompliserte prosjekt.

Staten skal dekke Statoil sine planleggings- og prosjekteringskostnader knytta til arbeidet selskapet utfører, utan forteneste. Statoil har etter gjennomføringsavtalen ansvar for overskridingar utover budsjett etter investeringsavgjerd. Dette ansvaret vil bli nærare regulert i avtalen for utbyggings- og driftsfasen.

Gassnova skal representere staten under avtalen. Dette inneber å utøve staten sine rettar og oppfylle staten sine forpliktingar. Gassnova har tilgang til, innsyn i og rett til å kommentere kvalitetssikra prosjektdokument. Vidare har Gassnova rett til å delta i kvalitetssikringsprosessane som Statoil etter sine styrande dokument gjennomfører i prosjektarbeidet, samt ha rett til å delta i arbeidsmøte med teknologileverandørane i samband med at desse legg fram tekniske løysingar, konseptanbefalingar og teknologikvalifiseringsresultat.

Staten kan seie opp avtalen dersom den ikkje let seg gjennomføre på grunn av EØS-avtalen sine statsstøttereglar eller at naudsynte stortingsvedtak ikkje er fatta.