Bruk av CO2 for å auke oljeutvinninga

Oljedirektoratet har estimert eit betydeleg teknisk potensial for auka oljeutvinning ved hjelp av CO2 i oljefelt på norsk kontinentalsokkel. Regjeringa har ambisiøse mål for å realisere CO2 -handtering og skape ei kjede for transport og injeksjon av CO2 .

Oljedirektoratet har estimert eit betydeleg teknisk potensial for auka oljeutvinning ved hjelp av CO2 i oljefelt på norsk kontinentalsokkel. Regjeringa har ambisiøse mål for å realisere CO2-handtering og skape ei kjede for transport og injeksjon av CO2 .
 
Etter kvart som oljefelt når ein moden fase, minkar trykket i reservoara, og det trengst ekstra trykkstøtte for å halde produksjonen ved lag. På ein del oljefelt på norsk kontinentalsokkel blir vatn eller naturgass nytta som trykkstøtte for å halde produksjonen oppe. Injisering av CO2 kan vera eit alternativ eller supplement til bruk av vatn eller naturgass som trykkstøtte. CO2 er i visse tilfelle blandbar med reservoaroljen, og kan dermed medverke til å auke utvinninga ut over det ein kan oppnå med vass- eller gassinjeksjon.

Det er store utfordringar ved bruk av CO2 for å auke oljeutvinninga frå felta på norsk kontinentalsokkel. Spesielt kostar det å modifisere eksisterande installasjonar og utstyr for injeksjon og etterbehandling av tilbakeprodusert CO2. Fleire av dei aktuelle kandidatane for CO2-injeksjon inneheld store mengder gass, og tilbakeprodusert CO2 må separerast frå gassen i samsvar med salsgasspesifikasjonane. Slike prosessar er plasskrevjande, og i mange tilfelle vil det vere nødvendig å byggje ein ny installasjon for å få plass til utstyr. Eit oljefelt har behov for leveransar av CO2 i ein mykje kortare periode enn det som er venta levetid for eit gasskraftverk. I tillegg vil behovet for tilført CO2 minke etter kvart som stadig meir CO2 blir produsert med prosesstraumen. Det er ikkje nødvendigvis samsvar mellom tilgangen på CO2 frå eit gasskraftverk og behovet for CO2 til eit oljefelt. Difor trengst det ein infrastruktur for CO2-transport som gjer det mogleg å lagre CO2 etter kvart som behovet for CO2 til auka oljeutvinning på eit felt blir redusert og oljeproduksjonen blir stengd ned. Det er behov for store volum av CO2 når ein vil nytte CO2 til å auke oljeutvinninga. CO2 frå berre ei punktkjelde vil ikkje gje tilstrekkeleg volum for optimal injisering i oljefelt. Det vil difor kunna vere nødvendig å skaffa CO2 frå fleire kjelder i Noreg eller frå utlandet.

(oppdatert 15. august 2008)