Samferdselsminister Liv Signe Navarsete mottok i dag rapporten frå gruppa som vart oppnemt av Samferdselsdepartementet 5. januar i år og har vore leia av professor Bjørn Nilsen, NTNU. Gruppa har tatt for seg raset i Hanekleivtunnelen i Vestfold 25.desember i fjor. Formålet med undersøkinga har vore å få klarlagt moglege årsakar til raset og foreslå eventuelle forbetringstiltak.

- Eg vil no be Vegdirektoratet kome med ein vurdering av rapporten der direktoratet gjer nærare greie for sine interne kontrollrutinar og ev. endringar i desse
Denne saka er så viktig at eg tek sikte på å utgreie  raset nærare i ein samleproposisjonen som er planlagt lagt fram for Stortinget i mai. Problemstillingar knytt til kontroll og tilsyn vil bli ein viktig del av ei slik utgreiing, uttaler samferdselsministeren.

Sjå pressekonferansen og les rapporten her