Historisk arkiv

Presseinvitasjon: Samråd om samferdsel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete og statsminister Jens Stoltenberg har samrådsmøte om samferdsel 10. november, saman med representantar frå fleire organisasjonar som arbeider for betre trafikktryggleik. Deltakarane er tilgjengelege for pressa etter møtet.

  • Tid og stad: Måndag 10. november kl 12, Statsministerens kontor, Oslo.

Regjeringa ønskjer innspel til korleis interesseorganisasjonar og frivillige aktørar kan bidra saman med styresmaktene til betre trafikktryggleik.

I møtet deltek Trygg Trafikk, Norges Automobilforbund, Landsforeningen for trafikkskadde, Autoriserte Trafikkskolers Landsforbund, Trafikkforum, Syklistenes Landsforbund og Nei til Frontkollisjoner.

Det er mogleg å fotografera ved oppstarten av møtet. Deltakarane er tilgjengelege for pressa etter møtet, om lag kl. 13.30.

For meir informasjon om møtet, kontakt kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland (SMK), telefon 930 51 458