- Før påske vart stortingsproposjonen  om Oslopakke 3 del 1 handsama i Stortinget.  I etterkant har temaet vegprising og lokal forankring vore diskutert. Forslaget om vegprising vart opphavleg lagt fram av regjeringa Stoltenberg I og er handsama av Stortinget. Regelen har likevel ikkje trådd i kraft og det er heller ikkje utarbeid utfyllande forskrifter. Det vil difor bli sendt ut eit forslag til forskrifter på brei høyring i løpet av 2008. Det har heile tida vore ein klar føresetnad at ein må ha lokal forankring før vegprising vert sett i verk. Dette kjem også klart til uttrykk i sjølve lovteksten.  Eg er kjend med at Areal- og transportplanutvalet i Kristiansand kommune har  vedteke at dei vil greie ut bruk av vegprising gi sitt byområde. Eg meiner dette er den rette vegen å gå når ein skal utvikle tiltak for byområda, uttaler samferdselsminister Liv Signe Navarsete.